Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Morgentur på Eikåsnipa

Dato:
27.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Mange på tur idag...Ingvald var tidleg ute på morgenkvisten og slapp akkurat unna skodda som hadde lagt seg på toppen! Triveleg med selskap av Erlend og sonen opp til støylen!

Kart    

Tur nr to og ettermiddagstur på Eikåsnipa

Dato:
27.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Rastlaus og fantastiske telemarksforhold i pudder, til tross for utfordrande flatt lys på toppen. Ein må benytte anledningen, når ein kan med dei flotte skiforholda som vi har no.

Kart    

Skoddetur til Eikåsnipa

Dato:
26.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det er berre så digg å være på skia igjen! Eventyrleg føre og pudder å renne ifrå toppen tiltross for lite sikt!! Brit Siv hadde brøyta spor til meg før ho farta vidare avgårde til kysten!

Kart    

Larstunsstøylen

Dato:
25.02.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,1km

Kosetur

Dato:
24.02.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,1km

Miriam heime på vinterferie ifrå høgskulen i Bergen. Ingenting er finare enn når ungane spør om å ta ein tur ilag. Opplett mellom snøbyene og vi stampa oss opp på Larstunstøylen i 30 cm nysnø i ellers køyrde traktorspor. Alltid berre ro og kos å være på tur ilag med Miriam

Verdens lykklegaste på ski og Eikåsnipa

Dato:
23.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det er det dårlige som gjere det gode godt...det er iallefall min livsfilosofi! Og det er hærleg å kjenne på og vite at ein kan sette pris på det som vi tar for gitt i eigen kvardag. Det laver ned med snø, fantastiske ski og naturbilder å sjå overalt!!! Gjekk og småtrakka litt rastlaust og oppdaga nokre fine morgenfuglspor mot Eikåsnipa. Litt på grensa til å teste skia...men det frista å prøve og eg valgte derfor å stappe trugene i sekken med tanke på nedfarten. Fall er ikkje det heilt beste endå...men å gå jamt på motbakke etterkvart, er berre heilt supert. 40 cm pudder ville ikkje være problem, så det var berre hærleg å sleppe seg ned med telemarksvinger i kontrollerte former :)

Kart     1 kommentar

Kletten

Dato:
22.02.2016
Distanse:
9,7km
Kart    

Larstunstøylen

Dato:
21.02.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,1km

Havstadfjellet

Dato:
20.02.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
8,8km

Etter nokre nødvendige butikkærend på ein lørdag, kan det kjennast ut som ein har samme symptom som etter ein maraton...Då er det godt å komme seg på restitusjonstur også for Inge som trøbbler med akillessen! kjedeleg plage før løpesesong! Litt rufsete vær, snødrev og få på tur. Einaste ein godt vaksen mosjonist i knekort løpstights, små sokker og joggesko i 30 cm nysnø oppover og med røde legger. Men det såg ut til at han takla det fint... Takker for fin frisk tur Sunset (Inge Værøy)

Kart    

Eikåsnipa og hærleg ruskevær!

Dato:
19.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Meldt storm på kysten og sterk vind i fjellet! Ferdig på jobb og såg det ruska litt på toppane allerede...men det er berre hærleg med vær og vind så lenge ein er kledd og føler seg trygg! Såg fleire på tur nedover idag, som storkosa seg under fine forhold i puddersnø og med skogskøyring på ski ifrå Eikåsnipa.