Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Ulriken

Dato:
03.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,3km

Sidan Miriam kunne tenke seg å gå på Ulriken og ingen hadde vore der før, vart det ein passeleg fin tur til alt anna som skal nåast når ein først er i Bergen. Fint å sleppe bilkøyring så vi tok buss nr 12 frå festplassen i sentrum og opp til Montana ved Haukeland. Godt skilt merking frå buss stopp til bil parkering og startutgangspunktet for Ulriken. Mykje folk på tur ein lørdag, nesten kø på veg ned att :) Miriam og Jarle var turfølge

Kart    

Brossviksåta

Dato:
02.10.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
11,1km

På veg til Bergen for å besøke studenten Miriam, og som bestilt vart det opplett ved turstart :) Jarle med på turen

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
01.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart    

Larstunsstøylen og Holten

Dato:
30.09.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,1km
Kart    

Kabusen og Høgefjellet i frå Haukedalen

Dato:
29.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
13,1km

Møttast på Moskog etter jobb og starta frå Haukedal skule og gjekk ca 400 m på vegen innover dalen, kunne ha parkert på grusplassen ved skilting og stistart. Fin sti å følge opp til Kabusen, og utruleg flott eit skue å sjå utover frodige Haukedalen. Ellers fint å følge vidare delvis sti og sauetrakk over ryggane mot Høgefjellet, som ligg så utruleg vilt og flott til med syn rett inn til Grovabreen. Hadde vi hatt betre tid kunne eg tenkt meg å gå vidare til Høgefjellet 1438 moh Det får bli i eit seinare høve og ifrå Jølster sida. Flott retur tilbake med hodelykt frå toppen med ein stjerneklar himmel, regnet kom på bilruta ved Moskog kl 21.30..fin timing :) Fin tur ilag med Brit Siv

Kart    

Terdalskeipen og Klauvekeipen i Florø

Dato:
28.09.2015
Turlengde:
4:31t
Distanse:
11,4km

Sein kveldstur etter jobb, nydeleg ver og flott solnedgang i havet. På retur ifrå Klauvekeipen fekk vi nydeleg måneskin og ein vakker stjernehimmel. Turfølge Brit Siv

Kart    

Lauparen

Dato:
27.09.2015
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
15,3km

Ein anbefalt tur....Dronning Sonja skal ha vore på denne også :) Heldig med veret denne dagen og mange på tur i ein godt merka sti til toppen ifrå Grytalisætra. Turfølge Stein

Kart    

Aksla i Ålesund

Dato:
26.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,6km

Fin liten ettermiddagstur og litt artig variant å gå dei fine trappene opp frå sentrum! Turfølge Stein

Kart    

Kvitenyken i Ørskog

Dato:
25.09.2015
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,8km

Ettermiddagstur med regn og snøbyger på toppen! Akkurat ein time for seint ute for sikta sin del...så denne lyt ha eit besøk i ein seinare anledning. Turfølge Stein

Kart    

Fin tur på Eikåsnipa

Dato:
24.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Ekstra kjekt er det når ungdommen har kjempelyst å være med på tur og fint då å gje seg litt ekstra tid til å fotografere og reflektere ilag. Litt vind og nokre få regndråpar oppe ved toppvarden. Kosetur ilag med Miriam

Kart