Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Klovetinden & Masdalhornet - Ørsta

Dato:
29.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:57t
Distanse:
14,8km

Ein dag for å nyte solvarmen, utsikta og bade i svalande fjellvatn! I boka på toppen av Masdalhornet stod det eit nydelig fjelldikt eg måtte lagre i minnet! Fjella! Der er dei altså fjella mine. Der er dei du også kallar fjella dine. Dei gir oss tryggheit og ro, der dei står heilt i ro. Det er berre vi som stresser oss opp og ned. Fjella dei berre står der i fred! Ein tur aldri heilt lik. For under ein himmel heilt unik. Om du aldri går opp, vil du heller aldri forstå den kjensla som eit fjell kan få deg til å kjenna på. Alle tankane som har blitt sortert og alle kjenslene som har blitt bearbeida og absorbert. Lukka av å nå heilt opp og av å kjenne att ein bruker sin eigen kropp. Det er enkelt, gratis og veldig nær. Og det kjære venn! Har livet lært meg at det er sjeldan noko som er. Så >>>

Kart    

Ramoen/Jønshornet & eit av dei vakraste alpe eventyr!

Dato:
27.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
21:21t
Distanse:
17,1km

Dette er eit av dei store øyeblikka som eg har den aller største sans for! Kombinasjonen av revne, ville tinder, natur og overnatting på ein heller så temmelig unik topp! Det med panoramautsikt til ein annan nydelig topp, Randers Topp 1414 moh. med så mykje meir. Eit vidsyn av eit fantastisk vakkert alpeland i tidenes sommevær! Det må eg jo berre seie er eit av dei store øyeblikk!

Topper på øya Sekken/Molde

Dato:
07.07.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:07t
Distanse:
9,7km

Ein tur som har vore tenkt ei stund! Det vart ein fin tur i strålande ver den 19 Mai, ilag med Jan Petter V

Kart    

Skarven & Bolfjellet/Rauma

Dato:
18.05.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:16t
Distanse:
8,4km

Kombinert fot og løpstur! Noko ymse snøføre på enkelte stader og gjennomslagsføre. Så greit å bruke ro og vett i desse partia, tar ingen sjanser igjen!!

Kart    

Festøykollen/Ørsta - 17 Mai

Dato:
17.05.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
6,8km

Ein nydelig dag med tid til å nyte i lange drag på toppen! Traff på ei trivelig lokal dame som gjekk mykje i desse fjellområda. Det kan eg godt forstå :)

Kart    

Fin trening og kveldstur til Moanebba/Rauma - 17 Mai

Dato:
17.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,5km

Etter ein nydelig start på dagen med frukost på Eikås. Ein tur oppom Festøykollen på Sunnmøre, undervegs til Romsdalen. Vart det jammen ein strålande fin avslutning på dagen med trimtur ilag med Jan Petter. Ein nytelse å reise gjennom Jølster, Sunnmøre og til Romsdalen i eit sånt ver. Den staute gode melodien: Norge i rødt, kvitt og blått! Fargar sinnet, ein sånn dag... https://www.youtube.com/watch?time_continue=8&v=O5K803eg6qE Takk Jan Petter for ein fin treningstur

Kart    

Mot haust og drømmedag på Jakta og Risenosa

Dato:
31.03.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:27t
Distanse:
13,8km

Enkelte turer setter fleire spor og minner enn andre! Sånn er det berre :) Dette er ein tur ifrå 17 som vart liggande som enkelt registrert i påvente av tid til bilder og ord. No kjem i alle fall bilder og litt tekst! Gps loggen min på denne turen forsvant ilag med den forrige Garmin gps eg hadde og som var ein kjær følgesvenn. Litt dårleg er eg på å lagre alle ting rundt omkring!! Men to fine turrapporter med logg har Endre Fjellsamleren (Endre Myrdal Olsen) https://peakbook.org/tour/235556/Drømmedag+på+Jakta+og+Risenosa.html og Jan Petter JPV100 (Jan Petter Vad) https://peakbook.org/tour/235572/Jakta+og+Risenosa.html Ein strålande turdag med trøkk og med nydelige løpssteg ut ifrå fjellet tilslutt! Takk til eit supersprekt turfølge og ikkje minst ein strålande dag i fjellet :) Geir Arne, Endre, Jan Petter, Øyvind, Johannes og Sven

Kart    

Nystøylhornet/Vanylven

Dato:
17.03.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:34t
Distanse:
7,2km

Kart    

Store Krokhornet + Antarktis = Fantastisk fine kontraster!

Dato:
16.03.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:32t
Distanse:
17,1km

Ein strålande rundtur til fots midt mellom alt av føre!! Det vart tid til ein fantastisk fin rundtur vidare her oppe på sunnmøre etter siste topp på Vågsøy lista, litt tidlegare på morgenstund! Undervegs på turen til Store Krokhornet, ringer sønn Espen som er på Rothera Station, britisk forskingsstasjon på Adelaide Island, drevet av British Antarctic Survey (BAS)- Antarktis. Med fine bilde øyeblikk ifrå Antarktis og ved Krokhornet/Vanylven - Tenker eg nydelig, savn, kontraster, tid og stad til samme tid og så langt ifrå kvarandre… https://www.youtube.com/watch?v=hB0tFvAUqKY

Kart    

Kyrnosa & Nipa - Vågsøy/Vanylven

Dato:
24.02.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:48t
Distanse:
7,2km
Kart