Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (15)
-
Skitur (7)
- Fjellskitur (7)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
Storebjørn på ski frå Krossbu
- Dato:
- 25.05.2013
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 7:00t
Sju forventningsfulle skiløparar møtte opp ved rådhuset i Lærdal kl. 09.00 denne morgonen for å starte reisa til Sognefjellet og ein av dei flotte vårskiturane: Storebjørn 2222 m.o.h. Me fekk på oss ski, og drog frå Krossbu kl. 11:15. Opp frå austsida av brua. Det var lite snø. Det hadde gått eit enormt sørpeskredet i terrenget, som gjorde stort inntrykk. Snøen var sopa bort i breidd på opp mot 100 meter enkelte stader nedover elva. Eit stort "sår" i fjellsida. Lenger inn i dalen hadde me litt vanskar med passasjen. Der kvistløypa gikk, var det opi elv. Vi kom over ved å hjelpe kvarandre med ei hand og lange utstyr. Under Smørstabbtinden vart det matpause. Så var det å ta til på den lange kvite motbakken, oppover Leirbreen. Strålande sol og svarte tindar som >>>