Rondslottet (11.06.2015)


Kart
Bestigninger Rondslottet (2178moh) 11.06.2015
Vinjeronden (2044moh) 11.06.2015
Garm_20150611_557a02e95307b.jpg

Mitt Elskede Skiføre

Mitt Elskede Skiføre gjekk i dag 11.06.2015 bort
etter kort tids sjukeleie.

Vi traff kvarandre ein novemberdag i 2014 og
det var kjærleik ved fyrste berøring.
Du var ung, mjuk og føyeleg og eg var nyfiken.
Vårt fyrste stemnemøte saman over Kalvhøgdmassivet
var legendarisk. Du hadde vært der før men for meg
var det fyrste reis. Og for ein reis.
Sidan fekk vi mange turar saman. Alle spesielle på
sin måte.
Du var kontroversiell mens du levde. Mange ønskja
deg (eller seg sjølve) dit pepper'n gror i ditt
nærvær.
Dei såg aldri dine positive sider.
Dei lærte seg aldri å nyte gledene med deg.
Dei forstod aldri di skjønnheit.
Dei om det.
Vist hadde du dine negative sider. Du kunne være
kald og hard som få. Med spisse albogar kunne du
ubarmhjartig trenge deg fram overalt og gje store
utfordringar. Du tok aldri nei for eit nei og alt
foregjekk alltid på dine premissar.
Men dei dagane samværet med deg funka var det
ingenting som var betre. Og det var mange av dei
dagane.
Du sette djupe spor i meg og eg likar å tru at også
eg sette mine varige spor hos deg. Sjølv om mine spor
ofte raskt vart viska ut såg eg også tilfelle der
spor etter vårt samvær dukka oppatt lang tid i etterkant.
Eg hadde mine mistankar om at du hadde andre, mange andre.
Men det kunne eg akseptere. Du var for mykje gode til at
eg kunne forvente å halde deg for meg sjølv.
Likevel var det med betydeleg bitterheit og mykje vemod
eg måtte konstatere at du fleir gonger hadde vært attåt
med mange andre same dag som vi hadde våre treff.
Du var aldri like god og føyeleg dei dagane. Men sjølv
da var det ei sann fryd å være nær deg.
Dei fyrste sjukdomsteikna kom rett før påske. Du fekk
kraftig feber og helsa di vart vesentleg redusert på berre
nokre få dagar. Du tødde opp etter det og vårt samvær i
påska var magisk sjølv
om det var tydeleg at du ikkje kom til å stå det over.
Kanskje nettopp difor var tida vår vidare utover så god.
Vi viste båe at det gjekk mot slutten og ville få mest
mogleg ut av det fyrst.
Samværet med deg vart meir og meir krevjande. Sjukdomen
fekk deg til å trekke deg tilbake. Turane våre bar preg
av at eg måtte anstrenge meg meir og meir for å nå inn
til deg. Og når eg fyrst nådde inn til deg var du tung å
forhalde seg til. Men etterkvart ljosna du og det gode
gamle humøret vende tilbake. Mot slutten av turen seig
tungsinnet på att og til slutt var du heilt fråværande
Eg forsøkte ikkje å vise det men eg gret innvendig. Du
gret også. Utan blygsel for å vise det, også det til stor
frustrasjon for alle dei som aldri lærte å elske deg.

Vår siste tur vart smertefull. Eg måtte streve meir enn
nokon gong for å nå inn til deg. Og beklagar å seie det,
men du saug stort, bokstaveleg talt, når vi endeleg fant
fram til kvarandre. Kanskje forstod også du at det var
siste tur og difor klamra deg ekstra hardt til meg?
Til tross for slitet naut eg kvart sekund vi fekk i lag
også på siste tur. Ei verdig avslutting på ei stutt og
heftig romanse.

Det har vært andre og det har vært betre, men du vil alltid
ha ein spesiell plass i mitt hjarte. Minna om deg vil aldri
døy.

Eg ljosar fred over ditt minne.

********************

https://www.youtube.com/watch?v=K32-ardhFBs


********************

Garm_20150611_5579fb3ae7a30.jpg
Garm_20150611_5579fc2ec69f3.jpg
Garm_20150611_5579fd484dff8.jpg
Garm_20150611_5579fde5db99c.jpg
Garm_20150611_5579feb594ed3.jpg
Garm_20150611_5579ff7e03677.jpg
Garm_20150611_557a004366f07.jpg
Garm_20150611_557a01092a846.jpg
Garm_20150611_5579fa2587788.jpg
Garm_20150611_557a01b3aeb52.jpg

Kommentarer

  • -
    avatar

    Vakre minneord

    Skrevet av oladohl 17.06.2015 18:09

    Du kunne vært prest du Helge, - naturens egen prest :) Dette var godt skrevet :) Ble nesten litt vemodig her jeg satt og leste :)

    • -
      avatar

      Sv: Vakre minneord

      Skrevet av mortenh 17.06.2015 20:37

      Kremt, en liten personforveksling, men ellers :) Garm og Helge er to forskjellige individer :-)

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av JohnTiger 14.06.2015 21:02

    Ser det er lagt ut 11 juni. Var du der da? Hvordan var føret? Bærer snøen slik at det er mulig å gå på bena? Planlegger Høgronden I helgen og er meget interessert ev førerapporter! :)

  • -
    avatar

    Så så..

    Skrevet av otto 12.06.2015 23:02

    Det finnes skiføre flere steder til langt ut i juli. Jeg er mest bekymret over sommeren som fremdeles lar vente på seg i Trøndelag..

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av ligroenb 12.06.2015 14:29

    Herrlig lesning !

  • -
    avatar

    5 måneder...

    Skrevet av waaktaar 12.06.2015 00:05

    til neste skitur.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.