Soleibotntindtur (12.11.2011)
Bestigninger | Store Soleibotntinden (2083moh) | 12.11.2011 |
---|---|---|
Søre Soleibotntinden (2049moh) | 12.11.2011 | |
Sørøst for Store Soleibotntinden (2020moh) | 12.11.2011 |
Byrja frå parkeringa ved Tverrelvi rett før åtte saman med Martine og Signar (Signar Andre Nilsen). Planen var Store, Søre og Nørdre Soleibotntind.
Brukte ein time og tre kvarter opp til Store på hardt skareføre. Brukte taug ned i skaret til Søre. Lurte litt på vegen ned, fant nokre varder her og der men vinterføre gjorde sumarruta kronglate. Sikra med taug opp mot Sørøst for Store frå skaret. Kjapp visit på Sørøst for Store før vi drog videre mot Søre. Steggjern og isøks ivrigt brukt bortover sida, lett lite klivepunkt ned eit hakk rett før store. Så relativt enkelt opp til Søre.
S3 vart dumpa denne gongen da den ikkje ein gong oppfylte pf10 krava.
Kaldt og surt i Hurrungane i dag så solpausa vart stutt. Gjekk attende og tok to rapeller ned i skaret langs vardane. Fyrst nokre meter med frikliving opp mot Store frå toppen av skaret før vi sikra to tauglengder videre opp.
Mykje sikring hadde kosta tid så vi måtte droppe Nørdre.
Signar tok ein tur bort å kikka på ruta men ga fort opp. Rask gange nedatt sørga for at vi rakk bilen akkurat idet mørket kom sigande.
Alt i alt ein knalldag i Hurrungane!
Kommentarer