Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Tinder & Kødder
- Dato:
- 04.04.2012
Taffelmusikk til turrapporten: http://www.youtube.com/watch?v=tg8i5fgNL8M Etter Holåtindtur dagen i forvegen med slarkate binning vart Semeltinden valgt som dagens turmål da enkelte meinte det ikkje ville gje nokon stor belastning på binninga. Vel, ikkje nokon bratt nedkøyring rettnok men desto lengre inn og utmarsj er nok heller ikkje heilt belastningsfritt… :) La i veg frå Spiterstulen i nitida. Byrja samtidig med ei guida gruppe frå Spiterstulen som skulle til Semelholstind men dei vart raskt parkert av M&S morderiske tempo. Blodtåka senka seg raskt for meg og vart liggjande til vi parkerte skia oppe på ryggen før Semeltinden for ein kjapp matbit. Så gjenstod dei siste 350 høgdemetrane mot toppen. Det var tunge meter men ved hjelp av Benny Borgs Balladen om Morgan Kane kom vi oss opp til slutt. Semeltinden baud på knallutsikt >>>