Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
Lister jeg samler etter
Tårnåsen, Bollerudåsen, Toåsen og Stikkvannskollen
- Dato:
- 25.06.2020
Ferietur og kommunetopp-sanking nedover Oslofjorden.
Turen byrja strålande med ein punktering ved Hauketo. Vi skifta til reservehjulet og køyrde til Hauketo CarSpa, som reparerte det punkterte hjulet for berre 300 kroner. Meget god service der!
Første "topp" vart Tårnåsen, med 0 i PF. Likevell ein fin tur opp frå skulen, og veldig flott utsikt i det høge tårnet.
På den andre turen økte primærfaktoren med ein meter. Sørvest for Bollerudåsen var ein kort tur.
Vidare drog vi til Nesodden, og gjekk på Toåsen. Det var ein grei tur, og vi fann litt moden blåbær undervegs. Etter turen drog vi ned på friområdet ved Alværn, der bada vi i sjøen og lagde god middag på stormkjøkken.
Det vart ein tur til. Vi drog til Stikkvannskollen, som er kommunetopp i Hurum. Det var ein lenger >>>
Røssjøkollane
- Dato:
- 23.06.2020
- Distanse:
- 9,7km
Vi planla Sankthans grilling på Nysetra, så Kristine og eg drog innover Vestfjellet for å gå ein fjelltur før grillinga.
Det var ein flott tur rundt Røssjøkollvatnet på dei to høgase Røssjøkollane, med forfriskande bad i vatnet.
Koseleg grilling med mamma, pappa, Johannes og tante Sigrid på Ginahytta etterpå.
Flokofallet og Lundevarden
- Dato:
- 22.06.2020
Turen til Flokofallet. 2 km - 95 hm - 49 min
Kristine og eg gjekk tur til Flokofallet på veg frå Stange til Gausdal. Køyrde Burmavegen frå Vingrom til Saksumsdalen. Fint råk, og flott foss.
Turen på Lundevarden: 4,2 km - 283 hm - 1 t 23 min
Kristine, pappa og eg gjekk så ein kveldstur i Østre til Lundevarden. Vi gjekk i frå Houm. Flott råk opp til Lundevarden, og fin utsikt. Ikkje råk til Nord for Lundevarden
Kveldstur på Svarthamaren og Skreddalsfjellet
- Dato:
- 18.06.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,9km
Kveldstur etter jobb.
Vi hadde undersøkt om vegen til Skreddalen var køyrbar, og nå skulle vi komme nesten heilt fram. Hundre meter før stølen var det ei snøfonn i vegen, og vi parkerte i vegkanten like før den.
Innover mot Svarthamaren var råket flott å følgje. Frå Svarthamaren gjekk vi utan råk over Øystre Skreddalsfjellet til Skreddalsfjellet. Ned frå Skreddalsfjellet var det godt råk.
På bilturen attende stoppa vi ved både Dalstøltjernet og Javnin for å ta bilde av den vakre naturen.
Helgetur til Sogn: Store og Vetle Haugmelen
- Dato:
- 14.06.2020
- Distanse:
- 16,0km
Siste dag på helgetur til Sogn. Parkerte ved den låste bommen over Dalåker. Fullt køyrbart vidare inn, kunne køyrd heilt til der råket tar av frå vegen etter Syresete.
Lang veg innover til råket, vi brukte 40 minutter innover grusvegen.
Turen ble artigare etter at vi kom inn på råket. Opp til Vassløysa var det traktorveg, vidare var det bra råk, men ein del snø.
Fin rundtur om dei to toppane.
Helgetur til Sogn: Skriki og Storehaugfjellet
- Dato:
- 13.06.2020
Etter overnatting i bil ved Resaland i Hafslo, satt vi kurs for Sogndal. Meir utfylldig turrapport her: Kristine sin turrapport
To flotte turar i Sogndal vart det, med eit avslappande opphold i strankanten mellom turane.
Helgetur til Sogn: Molden i Luster
- Dato:
- 12.06.2020
- Distanse:
- 7,3km
Første dag på helgetur til Sogn. Vi køyrde frå Slidre rett etter jobb og middag. Etter eit stopp i Sogndal for å kjøpe is, drog vi til Hafslo for å gå på Molden.
Molden var ein fantastisk flott tur. Godt tilrettelagt råk, og fantastisk utsikt. Vi var lengje på toppen, og vi satt lengje på benken ved Skjødnaklanten.
Etter turen køyrde vi vidare innover til Resaland og gjekk den korte turen opp på Storehaug. Bra råk opp til toppen, og overraskande flott varde.
Treningstur på Klukkargardberget
- Dato:
- 02.06.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 7,8km
Joggetur på kveldstid. Tok feil på eit stikryss, og måtte gå litt i skogen utan råk.
Rasletinden
- Dato:
- 01.06.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 13,7km
Tur i flott vêr første pinsedag.
Mykje folk på Valdresflya denne dagen.