Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vennisfjellet, Høgegge og Tomashelleren

Dato:
08.09.2019
Distanse:
18,5km

Vi vakna opp til strålande sol i dag, så da ville vi på ein litt høgare topp. Målet for turen i dag vart da Vennisfjellet. Etter å ha vurdert om vi skulle gå i frå aust eller vest, fall valet på vest og Sanddalen. Vi parkerte i innhegninga rett før stølen, og gjekk vegen forbi dei flotte stølane. Vi følgde DNT-råket mot Tomashelleren eit lite stykke, før vi tok av og gjekk bratt oppover att med Gjartrudsåne. Vi følgde bekken litt før vi gjekk ryggen i retning Galnehusfjellet. Frå Galnehusfjellet gjekk det slakt vidare til Vennisfjellet. Storslått utsikt! Vakkert i mange retningar, men Jotunheim-rekka stel merksemda. Flotte fjell! Ned frå Vennisfjellet gjekk vi til ein liten knaus vi oppretta og kalla Midtre Vennisfjellet aust. Der diskuterte vi om vi skulle gå til Nordre >>>

Rennefjellet

Dato:
07.09.2019
Distanse:
6,4km

Tur i fint vêr. Stort sett råk, men litt utanom også. Flott utsikt, og vi fann ein kilo molte.

Kart    

Javnberget

Dato:
03.09.2019
Distanse:
6,3km

Kveldstur til Javnberget i Øystre Slidre. Vi parkerte ved Lidar kyrkje, og følgde skiltinga, og fint råk opp til toppen. Fantastisk flott utsikt!

Kart    

Liahovda

Dato:
02.09.2019
Distanse:
2,9km

Liten kveldstur i Øystre Slidre. Vi parkerte i vegkanten like før Beitostølen helsesportsenter, og følgde traktorveg eit godt stykke. Vidare opp terrenget på jakt etter bær og sopp. Vi fann nokre få piggsopp, og litt blåbær. Fin utsikt på toppen.

Kart    

Kjeldeknatten

Dato:
01.09.2019
Distanse:
3,7km

Topptur med mykje plukking av villbring, kantarell og blåbær.

Kart    

Haustsæterfjellet

Dato:
31.08.2019
Distanse:
9,9km

Tur på Tonsåsen med Kristine. Vi parkerte i kanten av vegen inn til Bergsåsen, og gjekk i vegen bilvegen innover mot Midtsætri. Innover plukka vi mykje blåbær i vegkanten og litt innover i skogen, attende plukka vi mykje villbring. Frå Midtsætri gjekk vi råket opp til Haustsæterfjellet. Råket er nok ikkje spesielt mykje brukt, men det var greitt merka. Tårnet på toppen byrjar nok å dra på åra, og eg turte ikkje klatre høgare enn halvvegs. Attende mot Midtsætri gjekk vi utanom råket, på jakt etter sopp. Dette vart vår nye pf100+ topp nr. 200 i år. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på fleire toppar, men bær- og soppfangst gjorde så vi brukte lang tid på denne turen. Alt i alt fann vi litt kantarell, nesten ein kilo molte, ei bøtte blåbær og ein god del bringebær. >>>

Kart     1 kommentar

Mehovd og Robølshovda

Dato:
29.08.2019
Distanse:
6,4km

Tur etter jobb med Kristine. Vi parkerte i vegkanten rett før bommen inn mot Yddin og Storeskag. Vi følgde traktorveg eit stykke, før vi gjekk rett opp skogen til Mehovd. Litt utsikt på toppen. Vidare gjekk vi på Robølshovda. Attende til bilen gjekk vi snarvegen gjennom skogen i staden for å følgje bilvegen, kor lurt det var kan diskuterast. Vi fann litt blåbær og litt piggsopp på turen.

Kart    

Skutshorn

Dato:
26.08.2019
Distanse:
7,7km

Tur etter jobb. Vi køyrde inn Sanddalen og parkerte før setrane inst i dalen. Derifrå gjekk vi i bratt motbakke oppover. Det var godt råk heilt til vi kom opp i steinrøys på om lag 1400moh. Oppe på nordtoppen registrerte vi dagens fyste nye topp. Fantastisk utsikt frå heile topplatået. På høgaste topp vart vi einige om å gå runden rundt Nordlandstjernet. Verkeleg ein flott runde.

Kart    

Grytingen, Såta og Storehorn i Hemsedal

Dato:
25.08.2019
Distanse:
14,9km

Køyrde heimanfrå til Hornslie i Hemsedal. Ganske fint vêr, men litt overskya og litt vind. Eg hadde gløymd jakke heime, heldigvis var det t-skjorte-vêr heile turen. Vi gjekk i vegen på godt råk oppover mot Storehorn og Veslehorn. Tok av frå råket og gjekk i retning Grytingen i relativt lettgått terreng, men litt kratt og myr. Vi droppa båe Slettefjell og Grytingen aust, og gjekk rett opp på Grytingen. Vidare om Veslesåta til Såta. Frå Såta mot Storehorn, og godt råk opp til Storehorn og over Veslehorn. Vi vurderte å gå oppom pinakkelen, men droppa det og gjekk rett til bilen. Fin tur i eit nytt fjellområde for oss.

Kart