Den aller første fjellturen! (17.09.2016)
Bestigninger | Gjendehøe (1257moh) | 17.09.2016 |
---|
Sjølv om fjellturen var liten er det stort når det er første fjellturen i livet. 4 månader gammal. Gjendehøe er no hogd i stein.
Nydeleg vér og herleg fjelluft var det som møtte oss denne dagen. Vi gjekk frå nedsida av hovudvegen i ein slak stigning rundt toppen og tok deretter til høgre - opp til toppunktet. Jenta låg i selen og var blid og nøgd heile vegen.
Akkurat passe langt. Ein tipp-topp familietur.
Kommentarer