Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Drit som endte bra

Dato:
25.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

Med sjøslaget frå fredagskvelden enno sitjande i kroppen, var det ikkje akkurat duka for ein kjempetur. Planen var eigentleg Skriki, men pga. noko familiegreier kom eg meg ikkje avgarde før kl 14. Og når Sogndal-kampen starta kl. 15.30 kunne eg berre drite i Skriki denne dagen. Kanskje like greitt.. Hunden var, i motsetning til meg sjølv, full av energi og dro konstant i bandet frå vi gjekk. Eg skal innrømme at det kom nokre heftige glosar i det første stykket oppover dalen. Men vel, så skjer det som det skjer på fjelltur. Ting vert lettare, og utsikten vert betre. Så humøret steig etterkvart i takt med høgdemetrane. Elles var det ein greit tur på merka sti. Gjekk opp ryggen mot Helleberget og straks var eg på toppen. Strålande utsikt i alle retningar! På veg ned kom vi over eit >>>

Kart    

Sundagstur - frå råte til konge

Dato:
18.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

Fjellet er til tider bedragersk, men jammen går det andre vegen og. Vi kom oss seint avgarde frå hytta på Beitostølen, i all vissheit om den kjekke utvaksen som venta oss når vi kom tilbake. Det var så vidt eg ikkje snudde da vi hadde kjørt opp til parkeringa på Slettafjellet. Tåka låg da tung rundt oss, og det var nesten ingenting å sjå. Men, vi fekk vel rusle litt oppover mot Mugnetinden berre for å suge inn det siste av fjellrest denne sundagen. Og det skulle vi vere glade for. I løpet av den neste timen vart det lettare, og da vi var kome nesten opp til Mugebottjernet - til ein mellombels topp på 1346m - var det utsikt på alle kantar. Nok ein gong ein nydeleg dag - sjølv om jentungen var sint som ein tyrk. Men noko må ein jo tåle.

Kart    

Den aller første fjellturen!

Dato:
17.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t

Sjølv om fjellturen var liten er det stort når det er første fjellturen i livet. 4 månader gammal. Gjendehøe er no hogd i stein. Nydeleg vér og herleg fjelluft var det som møtte oss denne dagen. Vi gjekk frå nedsida av hovudvegen i ein slak stigning rundt toppen og tok deretter til høgre - opp til toppunktet. Jenta låg i selen og var blid og nøgd heile vegen. Akkurat passe langt. Ein tipp-topp familietur.

Kart    

"Snartur" til Nonshaug

Dato:
10.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t

Snarturar på tom mage er sjelden ein god idé. Dette var ein slik tur. Etter å ha lest at det gjekk sti frå Solvorn til Nonshaug/Skinarfjellet, var eg hypp på å prøve frå andre sida. Eg køyrde i retning Barsnes så langt eg kom. Asfaltvegen gjekk etter kvart over til grus, og så var det stopp (men heldigvis parkeringsplass). Herfrå gjekk det skilta sti mot stølen Dalen, og vidare mot Helgasete. Fram dit var det faktisk 5 km. Rimeleg langt når ein ikkje hadde spist på 4 timar, men å snu kom ikkje på tale. Fram til Helgasete var ein grei tur på god sti. Tok vel knapt ein time. Frå Helgasete gjekk stien vidare (sjølv om det ikkje var merkt av på kart) gjennom Hestadalen mot skaret og ned att i Solvorn. Litt før skaret tok eg rett venstre opp mot Småhaugane, hakk i hælane på >>>

Kart    

Balestrand på sitt beste

Dato:
04.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t

Endeleg godt vér i Balestrand, og dags for familietur. Gjekk frå Skåsheim opp til Fjærestadstølen og vidare til Buråsi. Her gjekk vi vidare til Raudmelen og ned att til Kalbakk. Vidare ned til Skåsheim. Ikkje noko drit-tur dette!

Kart