Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (23)
-
Klatring (5)
- Buldring (2)
- Isklatring (1)
- Sportsklatring (1)
- Via ferrata (1)
-
Skitur (8)
- Fjellskitur (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Favoritturer
Favorittopper
Gunung Batur
- Dato:
- 16.07.2010
- Turtype:
- Fottur
Del av gruppetur i Sørøst-Asia med G Adventures. Overnatta på hotell i den vesle fjellbyen Kintamani. Klokka kvart på fire stod vi opp, og møtte guiden vår (Det er ikkje lov å bestiga fjellet utan guide..). Vi tusla oppover med hovudlykt og litt varmare klede enn det ein vanlegvis forbind med Bali. Turen opp tok omlag 2 timar, og baud ikkje på all verdas utfordringar. Kraterkanten var nokre stader litt kronglete og smal, med eitt steg om gongen er ikkje det store problemet. Det er likevel verdt å nevna at de ter greit å vera forsiktig her: Ein svenske hadde hatt max uflaks her eit par månadar tidlegar da han ramla ned i krateret og omkom. På toppen sneik guiden vår oss forbi ei stor ansamling turistar til ei meir avsidesliggande hytte, der vi sat og venta på soloppgangen. Soloppgangen >>>
Gunung Batok
- Dato:
- 10.07.2010
- Turtype:
- Fottur
Tur i forbindelse med gruppetur over Java og Bali. Kom frå Yogyokarta til hotellet på den ytterste kraterkanten om ettermiddagen/kvelden. Utanfor hotellet krydde det av lokale som ville selja oss luer, vottar, skjerf og alt anna varmt tøy vi kunne ha gløymt å pakka med oss på tur til varmare strok.. Stod opp rundt fire morgonen etter. Åt eit par kjeks, og blei kjøyrd i Land Rovere ut til sletta nedanfor Mt. Bromo. Vi skulle gå opp til kraterkanten på Mt. Bromo å sjå soloppgangen herifrå for så å ta turen opp Mt Batok for å sjå på utsikta, noko som vistnok var motsett av kva den store turistmassen brukte å gjera. Vi kledde på oss med varme klede og hodelykt og sette i mars etter den store straumen med andre turistar, så det var nok ikkje heilt sant. Undervegs blei vi og masa >>>