Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (23)
-
Klatring (5)
- Buldring (2)
- Isklatring (1)
- Sportsklatring (1)
- Via ferrata (1)
-
Skitur (8)
- Fjellskitur (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Favoritturer
Favorittopper
Vinterjuving i Tundra
- Dato:
- 28.03.2013
- Turtype:
- Isklatring
- Distanse:
- 7,8km
Eg har nyst kjøpt meg nye stegjern, og ville gjerne få testa dei i påsken. Så eg, onkel og søskenbarn Elin la ut på tur i Tundra. Ein tur som eg nok vil karakterisera meir som "vinterjuving", enn som isklatring. Uansett kva ein kallar det, dette er ein spanande tur fordi ein kjem til plassar ein aldri kan få besøkt ellers. Vi kjøyrde opp til omlag Brumillom, der vi parkerte. Vi pakka med oss langt meir "skrammel" enn vi nok trengte, men det ser jo skikkeleg profft ut med mykje utstyr i klatreselen.. Eller var det nybyrjar?
Vi gjekk ned mot elva, og turen kunne nok godt ha enda alt her. For her var det realt glatt, og vi hadde ikkje fått på oss stegjerna. Både eg og onkel sklei stygt på veg ned mot Tundra, og eg trur onkel slo skuldra si skikkeleg godt. Vi kom oss uansett med litt >>>
Påsketur til Gråhøe
- Dato:
- 26.03.2013
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 11:24t
- Distanse:
- 36,7km
Gråhøe, Løyfthøe, eller berre tjugefjorten? 2000-meters toppa i "mitt" fjellområde er så anonym og bortgjøymd at ein ikkje eingong er sikker på om den har eit navn. Denne vesle haugen som så vidt har krafsa seg over 2000 meter ligg godt gjøymd blant andre meir prangande fjellformasjonar som sin navnebror Gråhøa, det utkjende Stammåhjulet og den langt kvassare Skarvedalsegga.
Men det var altså til Gråhøe vi skulle. Vi har prata om det i lengre tid, og no var påska og den fastsette datoen her, så det var berre å pakka sekken og førebue seg på langtur. Rundt klokka 9 om morgonen var vi klar ved Billingen seter, der graderstokken synte -18. Sjølv om vi gleda oss til at sola skulle renne, kjentest det langt i frå så kaldt ut. Så vi la på fellene og byrja å labbe >>>
Topptur til Ruten
- Dato:
- 10.03.2013
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 4:18t
- Distanse:
- 10,8km
Tidleg sundag morgon koka eg kaffi og smurte nistepakke, vi skal på topptur til Ruten i Hemne. Etter ein vinter med heller skuffande treff på tidspunkt for fri og føre for nedoverski var det endeleg klart for årets fyrste orntlege topptur. Når eg kjika på graderstokken lurte eg eigentleg litt på kvifor eg ikkje berre hadde rulla meg over og sove berre "eeeein time til". Nei, her var det berre å hoppe rett i ullundertøyet og pakke balaclava og ekstra lag med fleece i sekken. Skyssen kom og den halvannen times lange bilturen til Hemne var ikkje stort å fortelja om. Heimdal, Buvika, Børsa, Orkanger, Hemne! Her var det -17 og i skuggesida. Vi satt lenge i bilen og kvia oss for å gå ut. Telemarksstøvlane blei dratt på under tronge kår i baksetet. Fellane blei dratt på, >>>
Ekspedisjon Storheia
- Dato:
- 10.02.2013
- Turtype:
- Ekspedisjon
- Turlengde:
- 4:39t
- Distanse:
- 22,7km
Med februar kom det også endeleg realt skiføre i Trondheim. Realt skiføre og strålande vær, det er ikkje ein kombinasjon ein ofte ser her i byen. Det var difor med lange blikk mot bymarka eg gjekk til jobb denne veka. Det tok ikkje lenge før planane om å få gjennomført ein av dei klassiske ekspedisjonane i Bymarka var lagde; nemleg å toppe ut Storheia. Som reale ekspedisjonsmenn var vi ut av senga før fuglen feis, og i tolvtida var sekken full av kvikk lunsj, nistepakke og kaffi. Med eit godt lag blåswix under skia stod vi der og kika litt skeptisk på barnskirenn (Sverresborgrennet, eller noko slikt..), og lurte på om den hardaste delen av ekspedisjonen skulle bli å tråkle seg gjennom folkemengden og ut i den "orntlege villmarka". Nesten ute av barnskirennlabyrinten >>>
Besseggen
- Dato:
- 16.07.2012
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 6:36t
- Distanse:
- 14,7km
Eg og Nina hadde i lengre tid snakka om at no burde vi jammen snart få gått Besseggen. Etter å faktisk ha rota meg litt meir ut i marka, samt sjølvsagt turen til Kilimanjaro, hadde turlysten min auka dramatisk etter å ha lege daud i nokre år. Og no stod Noreg's nasjonalikon for tur. Ingen av oss hadde gått den før, sidan vi var tøffe og fra bygda så heiter det jo "Kven har lyst til å gå i kø over Besseggen, når det finns så mange andre fine turar og gå?". Sumaren skulle vise seg frå si vrangaste side, og været på yr.no viste for det meste regn, overskya og meire regn. Likevel var det EIN finværsdag å skimta. Denne låg konstant ei veke fram i tid, så vi byrja å bli usikre på om vi skulle få gått denne turen i det finværet den fortjente. Da tida nærma seg, >>>
The great geocache run
- Dato:
- 06.05.2012
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:15t
- Distanse:
- 8,4km
Etter fem år i Trondheim, oppdaga eg plutseleg Bymarka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikke har vore så mykje på tur her. Andre aktivitetar som studie, kampsport og quiz har fylt tida. Dei turane eg har vore på har enten vore heime i Skjåk, eller i Estenstadmarka. Skal ein dømme turlendet rundt Trondheim etter Estenstadmarka så er det klart at ein fort mistar litt piffen. No skal det seiast at eg har vore utallige turar i Korsvika og langs Ladestien, så heilt stille har eg ikkje vore medan eg var i byen denne perioda. Bymarka var likevel merkeleg nok eit ubeskreve blad. Men så byrja eg med geocaching, og plutseleg byrja faktisk turinteressen å koma sigande tilbake. Da snøen byrja å gå i mai var det difor på tide å ta seg til Bymarka for å greva opp eit par cachar, og å utforske >>>
Påsketur til Loftet
- Dato:
- 08.04.2012
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
"Vi skulle på påsketur!"
Nokre tradisjonar er eldgamle. Andre er av relativt ny dato. Min nyaste tradisjon er å koma meg over 2000 meter i løpet av påska. Det er vel eigentleg ein draum eg har hatt sidan eg og Onkel Per gjekk rundt Tverrådalskyrkja, og toppa ut Søre Tverrådalskyrkja ei påske (eg må finne ut årstal for denne turen, trur det var ein gong på 90talet..). Påska 2012 var eg i alle fall i gang, og eg håpar at om eg ikkje greier å koma meg over 2000 kvar påske, at eg i det minste får ein skikkeleg topptur i det minste. Påska 2013 var det altså Loftet som stod for tur. Loftet er jo ein særs klassisk topptur for alpinski. Førhaldsvis grei oppstigning, og eit skikkeleg javnt og langt renn ned utan særleg daudtid.
Vi dura avgarde ganske tidleg oppover Bøverdalen >>>
Kilimanjaro via Rongairuta
- Dato:
- 11.02.2012
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 70,5km
Prolog
Det var ein haustdag i 2011 da haustdepresjonen byrja å setja inn at eg såg Kilroy hadde bursdag denne dagen og feira med å gi gode rabattar på alle turar bestilt denne dagen. Eg hadde reisefeber og den einaste kuren eg kom på var meir reise. Eg sprang sporenstreks bort til sjefen og spurte "Når kan eg tidlegast få ferie i 2012?". Vi blei enige om at byrjinga av februar skulle vera greit. I lunsjen sykla eg ned til Kilroy og nokre få timar etter at eg såg annonsen hadde eg bestilt meg spontantur.. Til toppen av Afrika, Kilimanjaro!
Dag 1: Moshi
"And on your left side, you can now see the Kilimanjaro" sei piloten. I neste sekund gjer han eit svalestup som føles som om det sveiper veggen på dette gigantiske massivet som reiser seg frå sletta under oss. Eg sit >>>
Liaåsen
- Dato:
- 13.08.2011
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 10,0km
Tur for å bli betre kjent i Estenstadmarka. Hadde ikkje bevega meg stort i den austlege delen før. Strålande ver, så eg pakka med meg kaffe, niste og GPS og for på geocach-jakt. Delvis blaut stig etter at eg bevega meg ut av hovudfartsåra rundt dammane og vegen til Estenstadhytta. Flott utsikt over byen opp frå Styggdaleni bakkesida av Tomsetåsen. Tok meg ei matpause ved den gamle gruva i Rammdalen, før eg satte inn toppstøtet. Må nok innrømme at utsikta herifrå var ganske skuffande. Det var i det store og heile ein skogkledd ås det var vanskeleg å skjøna kor toppunktet var. Tusla meg ned same veg som eg kom, litt betre kjent i også i dei austlege delane av Estenstadmarka.
PS: Har vore her ved fleire anledningar seinare, og vil påpeike at på kveldstid vinterstid er det ein >>>
Gunung Batur
- Dato:
- 16.07.2010
- Turtype:
- Fottur
Del av gruppetur i Sørøst-Asia med G Adventures. Overnatta på hotell i den vesle fjellbyen Kintamani. Klokka kvart på fire stod vi opp, og møtte guiden vår (Det er ikkje lov å bestiga fjellet utan guide..). Vi tusla oppover med hovudlykt og litt varmare klede enn det ein vanlegvis forbind med Bali. Turen opp tok omlag 2 timar, og baud ikkje på all verdas utfordringar. Kraterkanten var nokre stader litt kronglete og smal, med eitt steg om gongen er ikkje det store problemet. Det er likevel verdt å nevna at de ter greit å vera forsiktig her: Ein svenske hadde hatt max uflaks her eit par månadar tidlegar da han ramla ned i krateret og omkom. På toppen sneik guiden vår oss forbi ei stor ansamling turistar til ei meir avsidesliggande hytte, der vi sat og venta på soloppgangen. Soloppgangen >>>