Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (69)
- Skitur (10)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
Synnavindsnipa september 2013
- Dato:
- 28.09.2013
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 6:00t
- Distanse:
- 15,9km
Skopphornet september 2013
- Dato:
- 08.09.2013
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:00t
- Distanse:
- 11,5km
Resten av familien var spreidd over alle vindar, fotballkamper, treninger og katteutstillinger, so eg og hundane fekk finne på noko anna: årets tredje tur til Skopphornet. Balder, som ikkje har vore på langtur aldri so lenge pga hårsekkmiddangrep, var ekstra gira. Tok ein avstikkar ned til vardane rett over Erstad, trur dei må vere på 700-800moh ein plass. Derifrå gjekk vi langs kanten oppover forbi der Stavefonna startar. Ei skråhylle i fjellsida tilseier at det er mogeleg å ta seg oppi renna og opp på Erstadfjellet med tausikring! Vidare opp og rundt Erstadfjellet og inspeksjon av ruta i frå Stavekollen. Fin fugleperspektivutsikt ned i Kalddalen derifrå. Vidare opp på Skopphornet og heim via Smådalane. Smådalane er eit vakkert lite stykke Sunnmøre, så her tok vi ein liten >>>
trimposttur til Holetindane
- Dato:
- 30.08.2013
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 7,2km
Fredag og tid for ny trimpost, Holetindane. Kjempefint ver! Sendte ungane avgårde på skulebussen og satt meg på sykkelen mot Brunstad. Sykla opp på Brunstadsætra og kunne logge 4 trimpoeng. Parkerte sykkelen og gav meg i veg til Storevatnet på Brunstadkollen og nye 20 poeng. Bakken opp til toppen av Holetindane er både lang og dryg og ikkje særlig variert men etter ei stund kunne eg notere meg for nye 30 poeng - totalt 54 poeng. Prøvde meg på ein namnlaus topp mellom Holetindane og Ystevasshornet men måtte gi meg då eg kom til ei djup kløft. Det såg ikkje vanskelig ut, men et fall ville fått fatale konsekvenser! Så ingen ny topp i dag! Ikkje mykje å skrive om returen anna enn at sykkelturen ned sætrevegane ga meirsmak. Alt i alt ein fin måte å bruke ein fridag på
Trimposttur til Myrdalsfjellet
- Dato:
- 23.08.2013
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 3,6km