Galtåtind og Loftskartind (21.03.2015)
Bestigninger | Galtåtind (1124moh) | 21.03.2015 |
---|---|---|
Loftskartinden (1191moh) | 21.03.2015 | |
Andre besøkte PBE'er | Loftskarsætra (465moh) | 21.03.2015 |
Parkering skytebana (136moh) | 21.03.2015 |
Eg starta frå skytebana i Isfjorden litt etter kl.9. På parkeringsplassen var det stor aktivitet, ettersom dagens Romsdal Rando hadde start og mål her.
Eg kunne følge oppgåtte spor heilt til topps på Galtåtinden. Her oppe var allereie løypemannskapet på plass. Eg tok skia på sekken og rusla bortover egga mot Loftskarstinden. Fin egg å gå langs, og det var vedlig lite vind. På Loftskarstinden tok eg ei lang pause og sat og slappa av og såg på konkurransefolka som pesa seg oppover mot Galtåtinden. Imponerande tempo! Etterkvart vart det litt kjølig, og då var det berre å leike seg nedatt til skytebana!
Rett før eg satte meg i bilen kom vinnaren av randokonkurransen i mål, og han hadde brukt 2.22 frå skytebana til Galtåtind, Søre-Klauva, Kyrkjetaket og tilbake til skytebana...!
Kommentarer
Tittel mangler
Skrevet av Garm 21.03.2015 22:10Lite å tilføye her anna enn å seie seg einig med Jørn. :)
Flotte fjell
Skrevet av Atomsilda 21.03.2015 19:29Flotte bilder fra en flott fjellverden. Heldig du som har dette så nært deg.