Olaskartinden (28.07.2013)


Kart
Bestigninger Hornaksla (1510moh) 28.07.2013
Olaskartinden (1536moh) 28.07.2013
Andre besøkte PBE'er Hornvatnet steinhytte (760moh) 28.07.2013

Eg parkerte øverst i Venjesdalen, og fulgte sti som går opp forbi Hornvatnet og vidare mot Halls renne. Der svaene starter tok eg til venstre opp i botnen og kryssa den vesle elva og fortsatte på sti i retning Olaskarvatnet. Litt før vatnet tok eg mot høgre, og peila meg inn rett på nordegga mot Olaskartind.

Eg var litt usikker på korleis egga var, men hadde lyst å gi den eit forsøk. Egga viste seg å vere litt bratt enkelte steder, men det var berre snakk om klyving og eg kom meg greit opp. Oppe på øverste del av egga skråa eg nedover mot Hornaksla. Fantastisk utsikt ned til Romsdalen og over mot Trollveggen/Trolltindane. Vidare var det enkelt opp til Olaskartind, der det var veldig fin utsikt innover mot Svartevatnet og Kalskråtind.

Returen gjekk ned mot Olaskarvatnet på austsida av toppen. I følge turbeskrivelsar so bør ein runde Olaskarvatnet på austsida, men eg syntes det såg fint ut å gå på vestsida, og det var heilt uproblematisk.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av janyga 02.08.2013 22:57

    Flotte bilder fra et fantastisk fjellområde!! :-)

  • -
    avatar

    Lillehornet

    Skrevet av oddis 02.08.2013 08:39

    Hei,

    fikk du tatt en titt på ryggen opp mot Lillehornet? Den står høyt på klatrelista mi :)

    • -
      avatar

      Sv: Lillehornet

      Skrevet av JPV100 02.08.2013 08:47

      Nu..ja...jo..eg kom jo veldig tett innpå ryggen, men foreløpig har eg lite klatreerfaring, so eg studerte den egentlig ikkje so godt. Men Ole-Petter har lagt ut ein del detaljerte bilder under Romsdalshorn.

      Du får seie frå neste gong du skal på "klatretoppar" her i området, so kanskje eg kan slenge meg med :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Lillehornet

        Skrevet av oddis 02.08.2013 08:52
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Lillehornet

          Skrevet av JPV100 02.08.2013 09:05
Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.