Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Kajakkpadling (2)
- Fottur (282)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (120)
- Fjellskitur (16)
- Langrennstur (16)
- Randonnée/Telemark (88)
-
Sykkeltur (21)
- Blandet sykling (3)
- Gatesykling (6)
- Terrengsykling (11)
"Peakbookvenner"
Skarfjellenden
- Dato:
- 16.11.2014
- Turlengde:
- 3:39t
- Distanse:
- 6,6km
Flott tur opp til Skarfjellenden. Ein del is øverst i renna, men det gjekk fint å kome seg opp. Kald vind på toppen, men vi fann le bak toppvarden og kosa oss med medbragt omelett. Flott å kunne nyte ein god lunsj ute på nesten 1400 moh midt i november!
Middagstinden
- Dato:
- 14.11.2014
- Turlengde:
- 6:25t
- Distanse:
- 8,3km
Ole-Petter hadde meldt sin ankomst i Rauma, og då tok eg meg fri frå jobb denne fredagen, og vi avtalte at Middagstinden var eit passande og fristande turmål. Vi starta frå Bøstølen og fulgte ein sti nokre meter, før vi endte opp i bushen. Krattkrangling og bratte motbakkar er ikkje det artigaste, men vi kom oss jo oppover. Etterkvart kom vi over skoggrensa og opp på ryggen som førte til topps. Siste stykket møtte vi på litt snø og is, men vi kom oss enkelt til topps. Ikkje bruk for stegjern. Kald vind på toppen, men vi satte oss i le og åt opp nistepakka.
Heim frå jobb - over Nesaksla og Høgnosa
- Dato:
- 10.11.2014
- Turlengde:
- 2:08t
- Distanse:
- 8,2km
Tok snarvegen heim over fjella etter jobb i dag. Fin temperatur, og nesten ikkje snø eller is.
Moanebba
- Dato:
- 01.11.2014
Treningstur til Moanebba i alt anna enn vintertemperatur. Gradestokken i bilen viste 15 grader då eg kom nedatt til bilen. Snøen som har kome på toppane forsvinn nok ganske snart..
Kajakktur opp Raumaelva
- Dato:
- 25.10.2014
- Turtype:
- Kajakkpadling
- Distanse:
- 16,3km
Snøen har begynt å legge seg på toppane, og vinteren nærmar seg. Då er det veldig fint å ta seg ein kajakktur opp ei blikkstille Raumaelv og kike opp på toppane, og samtidig mimre om dei fine turane vi har hatt på desse toppane siste året!
Bispevatnet
- Dato:
- 19.10.2014
I dag tok vi turen opp Trollstigen utan å ha dei heilt store planane. Vi endte opp med å ta en tur opp til Bispevatnet. Av og til er det deilig å berre slappe av og nyte hausten, uten noko toppjag :)
Moanebba
- Dato:
- 17.10.2014
Treningstur etter jobb. Kjølig haustluft, men flott utsikt. Berre nysnø på toppane som mangla.
Horga
- Dato:
- 14.10.2014
- Turlengde:
- 2:01t
- Distanse:
- 9,3km
Etter jobbmøter på Molde passer det alltid fint å ta med seg ein topp på heimvegen. I dag vart det Horga. Stien oppover er ganske slak, og fin å jogge på. Siste 100 hm er bratte. Brukte 38 minutt til toppen.
