Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Kajakkpadling (2)
- Fottur (40)
-
Skitur (10)
- Fjellskitur (5)
- Randonnée/Telemark (5)
"Peakbookvenner"
Bjørnabotnhøgda
- Dato:
- 31.03.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 6:33t
- Distanse:
- 22,4km
Enda en flott dag, og det var berre å pakke sekken og kome seg til fjells! Valget i dag falt på Bjørnabotnhøgda, og eg fann fram dei gode, gamle fjellskia. Eg bar skia på sekken opp til Moanebba. Derfrå var det fint føre vidare. Måtte ta av skia opp eit bratt parti langs ryggen. Sat og kosa meg i ein god time på toppen.
Kyrkjetaket
- Dato:
- 30.03.2015
Yr hadde meldt grått og vått i formiddag, og eg stakk derfor på jobb som vanlig. Etter å ha sett meir og meir blå himmel frå kontoret så måtte eg berre kome meg ut! Turmålet vart Kyrkjetaket, for første gong på ski. Brukte ca 2,5 t til toppen, og der var det 14 andre.. Etter eit kvarters tid hadde eg toppen for meg sjølv. Ikkje verst på en fineversdag i påska!
Morgentur til Skarven
- Dato:
- 28.03.2015
Rask morgentur til Skarven før dagens 60-årsfering for svigermor.
Galtåtind og Loftskartind
- Dato:
- 21.03.2015
- Turlengde:
- 5:03t
- Distanse:
- 14,5km
Eg starta frå skytebana i Isfjorden litt etter kl.9. På parkeringsplassen var det stor aktivitet, ettersom dagens Romsdal Rando hadde start og mål her. Eg kunne følge oppgåtte spor heilt til topps på Galtåtinden. Her oppe var allereie løypemannskapet på plass. Eg tok skia på sekken og rusla bortover egga mot Loftskarstinden. Fin egg å gå langs, og det var vedlig lite vind. På Loftskarstinden tok eg ei lang pause og sat og slappa av og såg på konkurransefolka som pesa seg oppover mot Galtåtinden. Imponerande tempo! Etterkvart vart det litt kjølig, og då var det berre å leike seg nedatt til skytebana! Rett før eg satte meg i bilen kom vinnaren av randokonkurransen i mål, og han hadde brukt 2.22 frå skytebana til Galtåtind, Søre-Klauva, Kyrkjetaket og tilbake til skytebana...!