Runde i Årdalsfjell, sør. (06.09.2015)


Turlengde 12t 24min
Distanse 23,3km
Høydemeter 2040m
GPS
Bestigninger Avdalseken (1613moh) 06.09.2015
Klypedalsnosi (1602moh) 06.09.2015
Munkenosi (1587moh) 06.09.2015
Raudbergsnuten (1807moh) 06.09.2015

Flott runde i Årdalsfjelli saman med Anders Fredheim og Morten Asperheim.
Turen gjekk frå Vasstaket på Årdalstangen opp til Finnsåsen og Middagshaugen. Etter frukostpause der, gjekk me vidare til Munkenosi (1587), Klypedalsnosi (1602), Avdalseken (1613) og Raudbergsnuten (1805). Vidare bratt ned ryggen mot Avdalen der det vart ein stopp på dei gamle stølstuftene, Bratt ned mot Melsetøynane og vidare til Løst og Steiggjene. 12 timar og 24 minutt. 23,33 km, Maks høgde 1805 moh, total stigning 2104 meter. Takk for flott tur og flott turfylgje.

JonnyA_20150907_55eda45eba8dd.jpg

Turfylgjet samla på Raudbergsnuten.

JonnyA_20150907_55eda42c8c250.jpg

Morten og Anders på Munkenosi (1587).

JonnyA_20150907_55eda440b774b.jpg

Jonny på Klypedalsnosi (1602).

JonnyA_20150907_55eda45123c39.jpg

Oppattreising av varden på Avdalseken (1613). Raudbergsnuten i bakgrunnen.

JonnyA_20150907_55eda48bd5d8e.jpg

På veg ned ryggen frå Raudbergsnuten. Losnosi til venstre, Skorsfjellet og Byttejuv rett fram med Årdalsvatnet nedanfor. Til høgre enden av Fossdalen ned mot Melsete og Løst.

JonnyA_20150907_55eda47752e46.jpg
Starttidspunkt 06.09.2015 06:11
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 06.09.2015 18:36
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 12t 24min
Bevegelsestid 10t 41min
Pausetid 1t 43min
Snittfart totalt 1,9km/t
Snittfart bevegelsestid 2,2km/t
Distanse 23,3km
Høydemeter 2040m

Kommentarer

  • -
    avatar

    Vakkert

    Skrevet av mortenh 07.09.2015 21:22

    Vakker runde. Den kunne jeg tenkt meg å gå når jeg skal gå Raudbergnuten en eller annen gang, men de aller beste bildene hadde du bare på Facebook. Mye fint her også, men der var det noen ekstra flotte perler syntes jeg.

    • -
      avatar

      Sv: Vakkert

      Skrevet av JonnyA 08.09.2015 19:33

      Takk for flott tilbakemelding! Denne runden har lege på ventelista nokre år, så no måtte han berre gjerast. Kan trygt anbefalast. Skal prøva å legga inn småtoppane (Munkenosi, Klypedalsnosi og Avdalseken) som grøne peakbookelement etter kvart.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.