Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (10)
-
Klatring (1)
- Alpin klatring (1)
-
Skitur (10)
- Randonnée/Telemark (10)
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Godøyfjellet rundt
- Dato:
- 21.06.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 2:18t
- Distanse:
- 14,1km
Joggetur rundt Godøyfjellet. Opp gjennom bushen frå Valkvæ. Det resulterte i 50 flått på leggane. Gikk ein fin sti ned til byggefeltet som eg tok tilbake. Den skal huskast til neste tur. Fantastisk flott å jogge turen, men hardt nok med nesten 1100 hm.
Middagshornet
- Dato:
- 19.06.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,4km
Vakna opp til ein grå og regnfull dag, men YR hadde meldt at det skulle lette og bli bra til kvelden. Familietur vart difor planlagt. Det vil seie meg og Mette, Tiril (13), Bjørk (10), Leah (5) og Alva (2) i bæremeis. Klokka 15.55 var vi klare til å gå frå Melbøsetra parkering, litt seinare enn ønska. Turmålet var Middagshornet som låg inntulla i tåke i lag med resten av fjelltoppane omkring. Førsteinntrykket var likevel at her har far (som vanleg) tatt litt for sterkt i når det kom til valg av familietur. Passa dog på å skjule dette godt :-). Stien var ikkje merka, men var særs god og fulgte i starten Barstaddalselva på venstre side oppover. Nesten oppe på flata tar deler stien seg i to. Den eine går ned mot elvegjølet retning Masdalhornet, mens vi følgjer den beste opp >>>
Romsdalshorntraversen via nordvestkanten
- Dato:
- 11.06.2016
- Turtype:
- Alpin klatring
Fantastisk tur med johnnyaa (Johnny Aarseth) der vi reiste inn frå Stette på fredagen og drog først i Boshveggen og fikk trene litt både på tradklatring og fotarbeid på sva. Etter kvart så kom vi opp i Vengedalen der det var overraskande lite folk. Sette opp teltet, fyrte opp bål og rigga barskapet. Dagen etter starta vi å gå klokka 06.15. Det var nydelig ute og knapt ikkje ei sky og sjå. Etter kvart starta vi på klatring på ruta nordvestkanten (5-). Topoen i boka " Klatring i Romsdal " er relativ sparsom. Johnny laga denne topoen i forhold til varianten vi klatra:Veldig fin rute som gav mykje meir klatring enn normalruta i Nordveggen. Stort sett greitt og sikre og mange fine kileplasseringer. På toppen var det magisk. Nesten heilt vindstille og lysta til å bryte opp for å gå vidare var ikkje >>>
Rundtur over Dravlausegga
- Dato:
- 06.06.2016
- Turlengde:
- 3:24t
- Distanse:
- 11,3km
Tok utgangspunkt i turbeskrivelsen til arntfla (Arnt Flatmo) på westcoastpeak . Etter parkeringa bar det nokre hundre meter på grusveg før eg tok av til høgre på vestsida av Langenesvatnet. Her gikk det god sti framover med raude merke. Etter kvart tar den meir av vest og i retning Dravlausnykjen. Her stod eit skilt med pil. Etter dette forsvann stien og ein måtte berre sikte seg inn på retninga. Etter dette var det 5 til 600 høgdemeter med jobb i bratt grasbakke. Pulsen var god, men det var greitt terreng. Og belønninga når ein kjem opp på egga er magisk, for eit syn. Først bar det bort på toppunktet Nord for Dravlausnyken og litt forbi for å få ordentlig utsikt mot Straumshornet, før det bar tilbake og videre på Dravlausegga. Her prøvde eg å halde meg mest mogleg opp på egga om det ikkje vart alt for krøkete. >>>