Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (10)
-
Klatring (1)
- Alpin klatring (1)
-
Skitur (10)
- Randonnée/Telemark (10)
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Råna og Midtre Regndalstind
- Dato:
- 03.08.2016
- Turtype:
- Fjelltur
Eg og johnnyaa (Johnny Aarseth) starta omlag klokka 10.30 frå Haukåssetra. Vi var glade vi ikkje skulle på Slogen eller Saksa denne dagen då parkeringa var stappfull der. Turen opp Urkedalen og Nordkopen var eit vakkert skue. Det var fin sti som gjekk oppover til Nordkopen og etter kvart kom vi inn på eit godt merka svaparti som førte oss opp til skaret mellom Råna og Elsantindane. Dette var grei skuring, men eg hadde hatt høge skuldre om eg skulle gått ned her på vått fjell. Frå skaret bar det oppover ura i retning mot Midtre Regndalstind. Det merka klyvepunktet var ikkje spesielt krevjande. Eksponert, men med gode tak både for hender og føter og heller ikkje spesielt smalt. Etter å ha vert oppom Midtre Regndalstind og gått over Rånaplatået kom vi til toppen. Det er ikkje lett å seie kva som er høgste >>>
Middagshornet
- Dato:
- 19.06.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,4km
Vakna opp til ein grå og regnfull dag, men YR hadde meldt at det skulle lette og bli bra til kvelden. Familietur vart difor planlagt. Det vil seie meg og Mette, Tiril (13), Bjørk (10), Leah (5) og Alva (2) i bæremeis. Klokka 15.55 var vi klare til å gå frå Melbøsetra parkering, litt seinare enn ønska. Turmålet var Middagshornet som låg inntulla i tåke i lag med resten av fjelltoppane omkring. Førsteinntrykket var likevel at her har far (som vanleg) tatt litt for sterkt i når det kom til valg av familietur. Passa dog på å skjule dette godt :-). Stien var ikkje merka, men var særs god og fulgte i starten Barstaddalselva på venstre side oppover. Nesten oppe på flata tar deler stien seg i to. Den eine går ned mot elvegjølet retning Masdalhornet, mens vi følgjer den beste opp >>>
Aurdalsnibba
- Dato:
- 14.10.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:07t
- Distanse:
- 7,0km
Flott hausttur med Alva i bæremeis