Veten (17.06.2015)
Bestigninger | Veten i Eid (566moh) | 17.06.2015 |
---|
Ja her var det litt av ei rute :-) Masse during med italienarar på firhjuling gjorde at vi tusla i myr og hjulspor som var smalare enn skoen. Men verken veret eller føreforhold skulle stoppe oss i å bestige denne giganten av ein topp. Vi fann eit flott oppmura monument på toppen, der vi fekk signere i turboka. Likefullt var den største oppdaginga å finne den originale råsa nedigjen, så vi slapp gå på oppkøyrd veg. Då fekk vi naturkjensla og gjekk smilande heim. Turen må beskrivast som relativt enkel og passande for familiar :-)
Kommentarer