Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Skitur (10)
- Randonnée/Telemark (10)
Rundtur: sørsida av Standalseidet
- Dato:
- 09.08.2014
Nok ein solrik morgon sommaren 2014, la vi ut på eit nytt travers-prosjekt. Vi skulle gå tinderekka som går sør for Standalseidet. Vi tok av frå vegen til Standalseidet og parkerte ved Harpedalen. Først gjekk turen til Sandhornet, deretter over Grøthornet til Hellefjellet. Hittil var det veldig greit å gå, med store og breide toppar. Vidare gjekk vi over egga til Kalvedalstinden. Her var vi litt usikker på kva som kunne møte oss vidare, så klatreselen kom på om det skulle bli behov for sikring. Men terrenget var greitt å gå med litt klyvring. Frå Kalvedalstinden gjekk vi egga vidare til Blåtindane og klyvra først opp på Søre Blåtind før vi klyvra vidare til Nordre Blåtind. Det var grei klyvring til begge toppane, men der var mykje laus småstein og vi valde eit litt vanskeleg >>>