Tofjell (10.08.2016)


Kart
Bestigninger Tofjellet (722moh) 10.08.2016

Fin topptur der ein får utsikt over heile Årdal og utover Ryfylke, og andre vegen innover mot Ryfylkeheiane.
Vår tur starta frå Røgle. Hit kjem ein via bomveg som tek av frå Måmyrvegen i Bønardalen. Turen startar på traktorveg og går bratt oppover lia. Etter ei stund svingar me av frå traktorvegen og held fram på sti oppover mot toppen. Turen opp er gjort på ein snau time. Me la turen om Lomslivatnet på veg heim.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.