Skorvå (22.10.2016)


Kart
Bestigninger Skorva (872moh) 22.10.2016
Fin hausttur til Skorvå med start frå p-plass på Kleivaland. Me følgde vegen mot Trodla-Tysdal til Helgaland. Derifrå kryssa me brua og følgde driftavegen omlag 500 m. Ved brua tok me av frå driftavegen og følgde stien mot sør gjennom Svandal. Denne stien er delvis merka med nødlingar. Når ein kjem så langt at ein ser ut mot Øvre Tysdalsvatn og Trodla-Tysdal tek ein bratt opp lia mot vest og opp til Annastøl.
Tkleppa_20161024_580e7adc7bd99.jpg

Annastøl ligg vakkert til ved foten av Skorva med utsikt til Trodla-Tysdal og austover i heia. Frå Annastøl er det ein snau kilometer mot nordvest til toppen på Skorva. Flott utsikt til alle kanter. Herifrå gjekk me på nødla (varda) sti mot nordvest til Graslia, vidare ned Graslia til Storsteinvatnet. Me kryssa over i utløpsosen og langs Undestølsvatnet til osen. Vidare på traktorveg ned Kjeslia til Laugaland. Ein annan gong følgjer me stien lang elva ned i staden for å følgja vegen, eventuelt følgjer med driftevegen heim til Bjødnabu. Det er sikkert nesten like raskt. Me var tre stykk; mor og to søner på 9 og 12 på tur i omlag 6 timar. Fin tur

Tkleppa_20161024_580e7d1741360.jpg

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.