Andre gong på Vassdalseggi (15.05.2015)
Bestigninger | Vassdalseggi (1658moh) | 15.05.2015 |
---|
Ny kjempedag på Haukelifjell. Starta i gruppe med Stavanger turistforeining kl 0930. Så varmt allereie at vi på teknisk pause etter 10 minutt måtte av medytterjakker og lue. Så vi gjekk i trøyer på nordsida av Kistenuten og opp til Lisledalen. Førre gongen Tom og eg gjekk her på ski var elva ned frå Dalen lett identifiserbar under snøen, og på sommarturen vi tok hit for eit par år sidan, var jo dette ei stor stri elv som vi strevde litt med å krysse. I dag var den heilt borte, berre ei fin glatt snøflate. Så det er mykje snø i fjellet! Vi tok på feller der vi byrja den bratte oppstiginga mot egga, og beheldt dei på til vi var oppe på "taket". Vi hadde fin rast etter at vi hadde kome opp den første dryge bakken før vi byrja å gå den eigentlege egga. Turleiaren sa at det var 3 km frå rastepunktet til toppen. Oppe der det flatar ut var det eit utruleg silkegolv å gå på. Og samanlikna med sommarturen vi tok hit, var egga gjort unna i ein fei. Herleg utsyn her også, og god stemning i gruppa. Nedturen var herleg, og ein av deltakarane imponerte med telemarkssvingar i flott stil nedover. Rett og slett herlege rennebakkar. Føret vart pillråttent då vi runda Kistenuten, og skia var bakglatte det siste stykket mot Haukeliseter. Vi var borte i 6 timar, hadde tre pausar, og gjekk 22 km. Anne, Eirik og Tom og sju andre frå DNT Stavanger var med. Godt turfølgje!
Kommentarer