To til i Hedmark (14.06.2015)


Startsted Gjellbeksætra
Sluttsted Gjellbekksætra
Turtype Fottur
Turlengde 2t 19min
Distanse 9,0km
Kart
Bestigninger Søndre Fjellsjøhøgda (642moh) 14.06.2015
Årkjølen (641moh) 14.06.2015

Det byrjar å bli lange dagsturar frå Oslo no når eg er er ferdig med nabofylka. Men turen til Nord-Odal vr vel overkomeleg. Vi køyrde til Eidsvoll, så fordbi Gullveret til Sand i Nord-Odal, og så nordover mot Knappet, og vidare rett fram på grusveg der asfalten var slutt. Alle sidevegar hadde vegskilt, og vi tok av riktig heile vegen heilt fram til der vegen slutta ved Gjellbekksetra. Der måtte vi snu på snuplassen og køyr eit par hundre meter tilbake før vi byrja å gå godt merkt stig til Årkjølen. Fin veg, mange ganske våte myrar, stort sett sol og litt vind, og ikkje heilt sommar. Biltermometeret viste 14 varmegrader, og litt ladare blei det kansje oppover. Tårnet var flott med mykje eksplisitt skilting, på tårnet stor der til dømes eit skilt "Tårnet" og på bua under "Tårnbua". For oss lesekyndige skulle det ikkje vere rom for tolking! Vi gejkk vidare rett nordover langs merkt stig, og då vi nærma oss Fjellsjøen, var det raudt merke opp til venstre (vest) og spor av tråkk. Vi gjekk oppover til vi var på høgdekote 640 (hadde heldigvis med gps), og gjekk litt att og fram der, men endte til slutt litt nordvest innafor den kota, og der var jammen ny steinvarde og norsk flagg med Otto og Inger Lise skrive på. Morosamt! Vi rasta då vi kom tilbake til Årkjøltårnet, flott utsyn frå toppen. Hadde selskap med ein lokal familie. Vi brukte 2 timar og 33 minutt på å gå roleg, og turen blei målt til 9 km. Marit og Uncas var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.