Første topptur på lenge (21.03.2016)


Startsted Langlim
Turtype Fjellskitur
Distanse 30,5km
Høydemeter 1100m
Kart
Bestigninger Kabrettstaulfjellet (1085moh) 21.03.2016

Litt usikker på korleis eg skal registrere ny topp i peakbook, så eg logger denne turen på nabotoppen. Kabrettstaulfjellet har mange varda toppar, og eg er der kvar måndag i påskeveka med yndlingstremenningen min. I dag valde vi den suvestlegaste toppen på 1070 m ifølge gpsén. Starta 0930 frå Gråmyr i Langlim, gjekk så til Sælid, så opp til Søyleset, så Bikkjekvæven og opp på fjellet. Rasta før vi gjekk på Kabrettstaulfjellet, deretter nordover, om Kjeringtjønn, under Storegrønut ned til Vorvatn. Så over Bjønnpytt til Myklevatn, og derifrå ned til Ramåsmyran og Nadremyran til Tjønnstaul, Skomestaul, Vibekk, Røynbrekk og attende til Gråmyr. 30,5 km på fjellski, ca 1100 hm. Fint klisterføre og grei skare. Var norte i 8,5 timar, rasta to gonger, møtte to personar. Denne turen har vi tatt kvar påske i ca 15 år. Herleg! Eg har gått jamnt på ski i vinter, runda 800 km i dag, og greier vel 1000 i år også, men har ikkje greidd å kombinere med toppar, bortsett frå to Rust-turar i vinterferien. Vonleg går vi lit meir i høgda no i påska.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.