Finaste skituren i år og kommunetopp nr 113 (27.04.2014)
Bestigninger | Heimdalshøe (1842moh) | 27.04.2014 |
---|
Draumehelg på Valdresflye. Laurdagen gjekk turen til Vestre Kalvehøgde inkludert det meste anna på vegen. MEn i dag sundag køyrde vi nordover og ned til den nordlege bommen der vi gjekk rett aust og oppover til Heimdalshøe. Feller heile vegen opp. Herleg dag, blikkstille og så varmt at vi gjekk utan lue og anorakk. Vi gjekk opp kvista løype til høgre for toppen på 1732 og til venstre for Rundhøe og Veslefjellet. Vi møtte 2 + 3 skiløyparar på veg ned, og sjølve var vi oppe etter 2 timar og 45 minutt. ca 700 høgdemeter og 6,3 km. Rasta på toppen i dei same trøyene, absolutt blikkstille, og utruleg utsikt i alle retningar. Vi fekk verkeleg stjerneoversikt over Gjendealpene og alt anna i grunnen. nedturen var moro. Vått føre, men heilt fint å køyre svingar nedover. Heile turen tok 4,5 time inkludert lang rast på toppen. SJølv om den lange turen til Vestre Kalvehøgde i går var fantastisk, gjorde nedkøyringa og varmen i dag kanskje turen enda betre? Arne Martinus var med.
Kommentarer