54 år og første gong på nasjonstoppen - på tide! (11.07.2013)


Kart
Bestigninger Galdhøpiggen (2469moh) 11.07.2013

Fullkomen dag. Vindstille, ikkje ei sky på himmelen. Lang kø gjennom bommen ved Raubergstulen. Men vi rakk avmarsj klokka 1000 frå Juvvasshytta.. Mange taulag på ein så perfekt dag. Vi var fem som gjekk saman. Hyggjeleg rast på toppen som var som eit fuglefjell - tett av folk. Grei tur ned att. Eigenleg overraskande lite strevsam tur dette. Mykje venting pga organiseringa med taulaga. Kathrine, Dagfinn, Johannes og Tom var med. Vi heldt fram til Gjendesheim, og etter overnatting hadde vi ein utruleg fin tur frå Memurubu over Besseggen i dag. To draumedagar - med to klassiske norske turar som vi burde ha tatt for fleire tiår sidan.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.