Første topphelg i Aust-Agder (22.09.2012)
Bestigninger | Ansmyrheia (260moh) | 22.09.2012 |
---|---|---|
Dobbedalsheia (360moh) | 22.09.2012 | |
Øst for Høgsteinsheia (268moh) | 22.09.2012 |
To par med seks toppar på programmet + overnatting på hotell i Risør. Kjempefin helg, alt gjekk som planlagt. Vi byrja med Tvedestrand, fort gjort. Gjekk rett på i sol. Så Dobbedalsheia i Grimstad. Litt meir uryddig terreng å gå i, men topplatået var veldig fint. Blei overskya på turen, og vi rota litt på nedturen, kom litt for langt mot høgre og vasa oss tilbake langs bekken til der vi hadde parkert. Siste topp var høgsteinshøya. Køyrde til Hørte, der det var hjorteflokk på jordene og sosial border collie. Ho blei med oss på heile turen til Høgsteinshøya. Vi sykla så langt det gjekk, ca 3 km, og gjekk deretter mot aust over åsen, og ned til tjønna på andre sida. Det var sti i skaret midt på åsen omtrent. Høgsteinshøya var også fin, berg og haustfarga myrer. Såg ein rovfugl i lufta over oss. Hunden henta mange pinnar på turen! Deilig å sykle raskt tilbake til bilen. Hotell i Risør og middag på Kast Loss var super avslutning på fin dag. Tom, Anne og Eirik var med.
Kommentarer