Bursdagstur, og topp 100 og 101 (06.10.2013)


Kart
Bestigninger Slavasshøgda (336moh) 06.10.2013
Sommerfjøstoppen (393moh) 06.10.2013

Denne gongen Toms 56-årsdag. Sidan han er østfolding, passa det fint å markere dagen med fylkestoppen i Østfold. Blank fin oktobersundag med flotte fargar og stille fine innsjøar. Vi køyrde med tre syklar via Bjørkelangen til Rømskog. Så vakkert det var rundt Rømsjøen! Sykla greitt opp frå bommen. Valde vegen på venstre sida av toppen, på høgaste punktet på den lange slake strekninga, parkerte vi syklane og følgde traktorspora mot aust. Fann heilt greitt toppen med liten varde og bolt. Åt niste på dei fione berga lenger mot nordaust. Og så ned att. derifra køyrde vi tilbake til Bjørkelangen, tok av mot S Mangen, fann bomveg og sykla opp til telemasta. Derifra gjekk vi stigen dei 5-10 minuttane opp til toppen med varde/stang. Såg vel tømmerrestar etter det som har vore sommarfjøset? Kvikk sykletur ned att. Kommune nr 100 og 101 for min del. Tom og Marit var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.