I fotefara til Annar (28.10.2012)
Bestigninger | Blekketjernshøgda (613moh) | 28.10.2012 |
---|
Blei inspirert av rapporten frå Annar som var på Blekketjernshøgda i går. Like fint i dag, og sidan den planlagde turen til Rømskog og Aurskog Høland blei avlyst pga opplysningar om elgjakt, var det eit fint alternativ å køyre nordover langs riksveg 4, stogge rett etter motorcrossbanen ved vegestasjonen (Varpet) og gå oppover ein veldig lang grusveg. Kaldt og skarpt i lufta, men klart og deilig å gå. Sende ein venleg tanke til dei som har sykla opp alle desse bakkane; ingen slake parti her, og i alle fall 3-400 høgdemeter. Vi gjekk på beina. Oppe på ca 400 meter låg eit tynt snølag i vegen. Då vi tok av der vegen snur mot aust - rett før den vesle pytten, såg vi spor i liten snødekt stig. Følgde dei til topps, også på ein liten runde der oppe for å finne høgaste punktet. Det var IKKJE der oppslaget står ifølgje gps'en. Vi bestemte oss for at staden der den vesle varden står, må vere ein god kandidat. Tom jogga litt innover vegen og snudde og tok oss igjen halvvegs nede. Fint liten tur i kald haustdag. Marit, Tom og Uncas var med.
Kommentarer