Kosetur til Strålaus (29.07.2014)


Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 12min
Høydemeter 200m
Kart
Bestigninger Strålaus (1141moh) 29.07.2014

Køyrde frå Seljord via Dalen og Setesdal og deretter Suleskarvegen for første gong. Nydeleg i flott vêr! Såg Urddalsknuten i det fjerne nord for Rossekreppfjorden. Tok av mot Lysebotn, og etter kvart av mot venstre og Langavatnet. Bommen var open, så vi køyrde heilt inn til demninga der vi parkerte. Gjekk så på vestsida av vatnet til turisthytta. Super hytte. Kryssa bekken ved hytta og gjekk opp lia sud for fjellet. Heldt inn den graskledde kløfta og fann veldig grei trasé heilt opp. Åt niste på toppen i berre t-skjorte. Same vegen tilbake. Vi brukte 3 timar og 20 minutt inkludert matpause, pause ved hytta på veg inn og diverse kamerapausar. Vi var begge to oppe på den vesle bolten i fossen på vegen langs vatnet. Eg rett nok i pysete sitjestilling! Men bilete blei det. Tom og Uncas var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.