Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Både ausregn og vakker kveldssol

Dato:
11.11.2012

o turar planlagde denne dagen: Først bil frå Oslo til Svarstad. Så den LANGE grusvegen til Prestesetra. Derifrå vegen innover mot Pikstein i ausregn. Terrenget var også gjennomvått. Dumt vegval, vi klatra nærast opp den brattaste sida av Pikstein, kom inn over låge myrar og furuberg og fann greitt varden, så gjekk vi vidare og fann det berget med eit par småstein som vel er høgaste punktet, men kanskje i feil kommune? Vi gjekk ned på baksida, oransjemerka stig. Utruleg vått, men ein mykje betre veg ned enn opp. Kom då ned høgare opp i vegen. Moral: ikkja ta av til venstre før du ser dei to oransje plastbanda! Dei er det så berre å følgje til topps. Nista blei fortært i bilen med varmeapparatet på for fullt. Før vi kom til Bergan og fann Bergansløyfa som vi følgde heilt >>>

Kart    

I fotefara til Annar

Dato:
28.10.2012

Blei inspirert av rapporten frå Annar som var på Blekketjernshøgda i går. Like fint i dag, og sidan den planlagde turen til Rømskog og Aurskog Høland blei avlyst pga opplysningar om elgjakt, var det eit fint alternativ å køyre nordover langs riksveg 4, stogge rett etter motorcrossbanen ved vegestasjonen (Varpet) og gå oppover ein veldig lang grusveg. Kaldt og skarpt i lufta, men klart og deilig å gå. Sende ein venleg tanke til dei som har sykla opp alle desse bakkane; ingen slake parti her, og i alle fall 3-400 høgdemeter. Vi gjekk på beina. Oppe på ca 400 meter låg eit tynt snølag i vegen. Då vi tok av der vegen snur mot aust - rett før den vesle pytten, såg vi spor i liten snødekt stig. Følgde dei til topps, også på ein liten runde der oppe for å finne høgaste punktet. >>>

Kart    

Geiteryggen

Dato:
21.10.2012

Familiebesøk i Halden laurdag, greidde å kombindere med topptur sundag. Ikkje så gale med regn som det var meldt. Geiteryggen skal etter mykje diskusjon vere Haldens høgaste. Parkerte ved Ør og sykla innover. Ein komplikasjon var den pågåande elgjakta, og vi møtte fleire menn på elgpost. Til slutt blei vi tilsnakka og fekk klar medling om at vi var for høglytte i skogen. Det var vi absolutt, for vi hadde jubla høgt til kvrandre over all traktkantarellen. Vi klatra opp i det morkne elsgposttårnet på den såkalla toppen, og fekk så vidt hovudet opp over småskogen rundt. Sykla ein liten sving nedom Ørsjøen og tilbake. Tom, Anne og Eirik var med.

Kart    

Sterk vind i fint terreng

Dato:
07.10.2012
Kart    

Storegrønut i sterk vind

Dato:
07.10.2012
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Underskjønn klar haustdag

Dato:
05.10.2012

Avspaseringsdagen kunne ikkje ha vore finare: klar, kald haustdag med flotte fargar opp Numedal. Hadde ein flott stopp ved Uvdal stavkykje før vi drog opp mot Imingfjell. Heilt nytt terreng for oss, og det var ein fantastisk dag å oppleve dette for første gong. Parkerte ved Småroi, følgde stig til høgre for Borgsjå, mista den litt, men kom innpå større fin stig lengre opp, godt merkt med vardar. Enda litt lengre opp kryssa vi t-merkt stig. Litt uventa at sjølve topplatået er graskledd. Utruleg flott utsyn, Hårteigen i vest, snøkledd Hallingskarv i nord, Gaustatoppen var også majestetisk kvitt. Blefjell derimot var bart. Nesten blikkstille, men det trakk litt på toppen. Rasta difor litt nede i hellinga mot vest. Gjekk rett ned, og kom forbi flyvraket. Marit, Tom og Uncas var med.

Kart    

Nydeleg septemberdag

Dato:
30.09.2012

Etter 80-årsdag på Stathelle hadde eg sundagen til tur. Valet stod mellom Kragerø eller Siljan. Kragerø var eit fint val. Køyrde til Kurdøla (der eg hadde ein forfar på 1700-talet - moro å sjå plassen for første gong). Sykla til Hyttetjenn. Gjekk så til Store Vålevann langs raudmerkt stig. Gjekk langs nordsida av vatnet og klatra den bratte grankledde fjellsida opp til Valefjell - som det står på kartet. Lurar litt på etymologien, Vålevann og Valefjell burde ha noko med kvarandre å gjere: varde, vord, vali (falk) eller vål (kvål)? Møtte ein lokalkjend kar på toppen, han peikte ut ein alternativ nedtur. følgde veldig fin stig til Lille Vålevann, så langs utløpsbekken til myrene der, og nordover att via Gunnarsmyr til Store Vålevann att. Raudmerkt for ein del. Ved tjørna >>>

Kart    

Andre dag på toppturhelg i Aust-Agder

Dato:
23.09.2012

Lang hotellfrukost i Risør medan vi venta på at det skulle slutte å regne. Så køyrde vi til Moland, der vi kom i snakk med eigaren. Entusiastisk restaurerar av gamle hus! Det ende med at vi etter turen fekk omvisning i eldhuset frå 1600-talet og hovudhuset frå 1700-talet. Herleg med slike folk! Fin gamal sti opp til Espehaugen, men vi bomma på den gamle stigen opp til den nedfalne husmannsplassen der oppe. Ta til høgre når de kjem til ein stad der det er sprengt litt berg og jamna ut litt. Bak der går fin gamal veg. Neste stopp var Hovdefjell i Vegårshei. Hadde grudd oss litt til sykkelturen opp. Eirik hadde ikkje fot i bakken, men Tom hadde punktert, så han fekk ekstra trim med småjogging både opp og ned. Slitsamt, eg måtte av sykkelen fleire gonger. Eit par regndråper i lufta >>>

Kart    

Første topphelg i Aust-Agder

Dato:
22.09.2012

To par med seks toppar på programmet + overnatting på hotell i Risør. Kjempefin helg, alt gjekk som planlagt. Vi byrja med Tvedestrand, fort gjort. Gjekk rett på i sol. Så Dobbedalsheia i Grimstad. Litt meir uryddig terreng å gå i, men topplatået var veldig fint. Blei overskya på turen, og vi rota litt på nedturen, kom litt for langt mot høgre og vasa oss tilbake langs bekken til der vi hadde parkert. Siste topp var høgsteinshøya. Køyrde til Hørte, der det var hjorteflokk på jordene og sosial border collie. Ho blei med oss på heile turen til Høgsteinshøya. Vi sykla så langt det gjekk, ca 3 km, og gjekk deretter mot aust over åsen, og ned til tjønna på andre sida. Det var sti i skaret midt på åsen omtrent. Høgsteinshøya var også fin, berg og haustfarga myrer. Såg >>>

Kart    

To toppar i Blefjell

Dato:
08.09.2012

Køyrde den dårlege bomvegen opp til parkeringa før Nordstul. Følgde t-merkt stig til Nordstul, så Grjotbua, dinest opp Langedalen. Der det står skilt til Sigridsbu, tok eg til høgre og gjekk rett opp til Bledalsrinden. Såg mykje folk bortpå Bletoppen. Sol og fin sikt, men sterk vind. Åt nista i le i eit heng på austsida. Heldt så fram denne dalen på austsida rett nordover. Passerte Kongtjønna, Bleporten, Storegjenge og kom fram til Storevatn. Der kryssa eg bekken og klatra rett opp sudsida av Flesebekkble. På toppen møtte eg ein kar med kikkert som såg etter rein. På avstand såg eg nokre rypejegarar med fleire fuglehundar. Gjekk ned på vestsida og kom inn på t-merkt stig som eg følgde sudover. Gjekk oppom Bletoppen. Sterk vind der også, men sola kom fram att etter fleire >>>

Kart