Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
30.10.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Eid: Ytre Åsane

Dato:
29.10.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,6km
Kart    

Eid: Lotsbergstøylen

Dato:
25.10.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Gloppen: Veten, Bolberg og Kiursnakken

Dato:
24.10.2016
Turtype:
Fottur

Ein trippel i Gloppen kommune som ein sopar med seg i ein fei om ein er litt på høgget. Veten. Kom frå sør og tok av på Kleivedammen mot Sandane sentrum. Etter 200 meter til høgre mot Valborgkleiva i tunnel under hovudvegen. Betalte kr 40 bomveg og kjøyrde til vi såg skilting Veten 1t. Parkerte der. Det er muleg å kjøyre enno lenger, eller ein kan gå heilt frå bommen. God sti i fin furuskog heile tida. Bolberg. Denne er veldig enkel. Kjøyrde mot Føleide og parkerte på veiens høgste punkt. Fulgte skogsveien nesten til toppen. Så er det nokre få meter på sti til masta på toppen. Kiursnakken. Frå tunnelen under flyplassen er det ca 500 meter nordover til ei tydeleg avkjøyrsle vestover. Parkerte ved hovudvegen før 70-tallshuset. Gjekk gjennom eit ruskereir til ein entreprenør >>>

Kart    

Førde: Skjerveholten

Dato:
24.10.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,8km

Kom frå Førde, tok av på Moskog mot Gaularfjellet og så vidare til høgre mot Åsane. Parkerte før brua som går over elva frå Åsvatnet. Gjekk 150 meter til første vika, der tok vi av over eit høgdedrag på svak sti mot kraftlinja. Over ei myr der, og ein finn ein sti som går først til trigpkt så vidare i retning høgste punktet. Enkel kjapp tur til ein ubetydeleg skautopp i Førde kommune.

Kart    

Rauma: Nonstinden, Møre og Romsdal nr 1000!

Dato:
13.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:20t
Distanse:
8,9km

Låg lenge og drog meg i bilen i dag. Bikkjekaldt, trumaen fekk gå ein time før eg våga meg ut under dyna. Så var det heller ikkje noko superlang tur eg skulle på, så greitt å vente til sola hadde fått tak. Parkerte på Nedre Røsta parkeringsplass. Her var det skilta i alle retningar og infotavle. Skilting til UTEDASS var det og. Fulgte stien mot Stordal/Fokhaugstova mm. No hadde eg heldigvis info frå Lise om stien bak jakthytta. Den var lett og finne, og den tok meg over skoggrensa. Så var det berre å peile seg opp steinura til ryggen og vidare lett til Nonstinden 1573. Nokre få snøflekkar oppover, mot toppen på det flate partiet litt meir snø, men ingen vanskar. Brukte akkurat 2 timar opp. Boka som Palmer Øverland la ut i 2000 var langt frå utskriven. Dette er nok ein flott >>>

Rauma: Middagstinden og Kinnakollen

Dato:
12.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:15t
Distanse:
12,1km

Hadde overnatta i bilen på Måna Camping. Kjøyrde bomveg, kr 90, mot Bøstølen og parkerte rett over brua der den merka ruta til Tindevatnet startar. Det var frose til, så hardt og fint å gå myrpartia langs elva. Snart oppe i sola vart det svettebyer og lettelse i antrekk. Runda rundt på nordsida av humpen 943 i skaret. Tenkte å ta denne på returen, slik vart det ikkje. Nå er den uvesentlig så det gjer forsåvidt ingenting. Opp bratt ur til den flotte ryggen som går til Middagstinden. Skjønte med ein gong at her vart det endringar i planane. På austsida av ryggen går det ei hylle/renne nedover i retning Kinnakollen. Denne skulle testast ut! Vidare langs den spennande og flotte ryggen til det luftige og meget fine toppunktet på Middagstinden. Lang og god pause i sola, her snakkar >>>

Rauma: Prosten, Langfjellet, Trollstolen, Blåstolen

Dato:
11.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:26t
Distanse:
23,1km

Første dag av eit kort 3-dagersraid i haustferien. Kom til Måndalen måndag kveld og overnatta på Måna camping. Runda over desse toppane er veldig fin. I skoggrensa ca 460 moh ligg det nokre hytter. Her møtte eg trivelege folk som var der på overnattingstur med veslejenta. Flott plass å tilbringe nokre dagar i den solvende sida der. Elles såg eg hverken folk eller fe på turen. Meir info finst under bilda.

Stryn: Hogden

Dato:
02.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Stryn: Kamperhamrane

Dato:
01.10.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:30t
Kart