Trolltunga (18.07.2016)  3


Startsted Skjeggedal (440moh)
Turtype Fottur
Turlengde 6t 30min
Distanse 22,4km
Høydemeter 1122m
Kart
Bestigninger Trolltunga (1100moh) 18.07.2016

Feriedag nr.1 vart brukt i Skjeggedal, nærmare bestemt folkevandringstur over fjellet til den den obligatoriske Trolltunga. Forventningane var ikkje så store; ein stein som stikk ut av fjellet i enden av eit stort vatn. Oppsumert kan ein sei det var 22 lange km for å sjå denne steinen. Muligens imun mot fjell og landskap, men foruten om interessant geologi i form av flyttblokker på størrelse med trailarar var er turen over fjellet relativt kjedeleg uten spesielle formasjonar eller utfordringar. Etter eit par dagars regnskyll forstår ein kvifor ein tilrettlegg i norsk natur når 1000 stk (på ein dag!) skal vitje same turmålet. Gjørmehol av dimensjonar og stiar i fri utfoldelse blir begrensa med heller og etablerte plankar. Bra. Turen til Trolltunga er mest av alt ein sosial tur. Det er imponerande kontrastar på val av skotøy og kle, men turistane ser ut til å vere tilfreds kilometer etter kilometer i sandalar og finskjorte. Steinen verkar for mange å framstå like formidabel som den gjorde på sosiale medium. Turen: Terningkast 2 -Turopplevelsen: Terningast 3

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.