Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Runkuraqay - Phuyupatamarca (3640moh) - Winaywayna (2650m)
- Dato:
- 02.07.2015
Dag 3, Inka Trail i Peru. Denne dagen var heilt utruleg flott - mykje fin vegetasjon, ein del inkaruinar undervegs og svært variert landskap: Tunellar i fjellet, grøne "tunellar", regnskog, over eit par "pass"... Det var vel denne dagen vi gjekk lengst - 13 km.
Wayllabamba - Warmiwanuscca (4215 moh) - Runkuraqay (3800 m)
- Dato:
- 01.07.2015
Dag 2: Frå Wayllamamba (ca. 3000 moh. til Runkuraqay (3800) via Dead Woman's Pass (Warmiwanuscca). Stigning på 1200 meter i eitt strekk, men det gjekk fint med høgda, sidan vi hadde vore rundt omkring veka før, på 3000 - 4900 moh. Då gjekk vi berre litt her og der, overnatta på 3400 - 3800 moh. + Titicacasjøen, som ligg på 3015 moh.
Inka trail, Peru - dag 1: Til Wayllabamba
- Dato:
- 30.06.2015
Gjekk Inka Trail i Peru. Heilt fantastisk oppleving :) Gjekk ca 43 km på 4 dagar. Var eit turfølge på 7 stk + ein guide og 11 berarar/kokk m.m. 1.dagen gjekk vi til Wayllabamba.
Eggene, Eid, 847 moh
- Dato:
- 08.06.2015
Gjekk opp frå Årskog og opp vegen/stien mot Navestøylen. Litt snø oppe i dalen/skaret og oppover, men fast og fint å gå på. Største "problemet" var nærgåande kviger nede i beitet... :) Men kom meg no forbi dei!
Stokkefurnakken, Eid, 652 moh
- Dato:
- 02.06.2015
Måtte byrje turen med å gå opp skogsvegen frå Hatlelid (Heggjabygda), noko som tok ei stund... Nokre snøflekkar, men stort sett bert! Kveldstur med Torhild S, inne i mellom regnbygene :)
Veten, Bremanger, 527 moh
- Dato:
- 31.05.2015
5 damer gjekk frå Grotle og opp på Veten i dag! Fin tur, men tåka kom og gjekk litt på toppen, så vi fekk ikkje sett langt utover havet...
Fannstøylen - Blåfjellet - Høgegga, Eid, 829 moh
- Dato:
- 28.05.2015
Eg og Jeanett traska innover dalen, for å sjå om det var såpass lite snø at vi kunne gå på ei av fjella i Stårheimsdalen. Det var bert heilt inn på Fannstøylen, og det såg greitt ut opp Blåfjellet. Vi gjekk då opp ryggen der, med litt snø her og der og ein god del snø mot toppen... Vi såg ein gauk i eit tre :) + ei ørn litt seinare...
Vidare gjekk vi ned på "baksida" mot Høgegga og opp dit (traska i snø...) Opp dit var det ganske kort, men med mykje snø ned att. Vi gjekk derfor ned ryggen mot stien frå Løysingevatn. Lang tur, men fin temperatur og bra trim!