Orkdal: Våvasslifjellet - sesongstart på ski (27.12.2015)


Startsted Sæterligarden P-lomme (250moh)
Sluttsted Sæterligarden P-lomme
Turtype Fjellskitur
Turlengde 2t 00min
Kart
Bestigninger Våvasslifjellet (631moh) 27.12.2015
Andre besøkte PBE'er Sætergarden p-lomme (250moh) 27.12.2015

Det er endelig snø og kuldegrader i Trøndelagen. Eg leita fram fjellskia frå tre års dvale og drog mot Snillfjord for å teste føret.

Sidan eg var litt sein ut av redet i dag vart det ein kortare tur. Parkerte på Sætergarden P-lomme, der termometeret leste -8 grader. Eg satsa på ei blanding av blå swix og tre år gammalt klister, og labba oppover vegen mot steinbrotet. Kom opp ei skulder over steinbrotet der det var like mykje frosa myr som snø. Det funka fint ei stund, til siste bratta. I staden for å gå rundt, tok eg av skia og gjekk opp ei renne til venstre for den tydelige hammaren.

På toppen bles det friskt, og det var nydelig og klar vinterluft, kanskje 10-15 minusgrader.

På veg ned gjennom skogen vart det rimelig tydelig at eg ikkje er heilt inne i fjellskikøyring. Noko varierande såle og noko kupert terreng. For mykje renning med fancy plaststøvlar dei siste åra.

Men man kom seg jo ned.

kobbenes_20151227_568004521305a.jpg
kobbenes_20151227_5680045032dd3.jpg
kobbenes_20151227_56800453c706c.jpg

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.