School of trad 3: Cannon Cliff (09.08.2014)
Andre besøkte PBE'er | Cannon Cliff | 09.08.2014 |
---|
School of trad del 3: alpin/større vegg. Cannon Cliff er "the tallest and most respected cliff in New England", ein 2km lang granittvegg broten opp av eroderte renner. Innimellom her finn ein flott steinkvalitet, samt mykje rot.
Eg har endelig byrja å innynde meg hjå lokale klatrerar, så vi var ein heil gjeng som køyrde til Cannon denne morgonen. Her vart det mykje nytt for ei enkel buldre-sjel. Det var berre å lære seg teknikkar som rissklatring, finger og handjamming, diederklatring, pendeltravers (!!), offwidth og hengande standplass. Det var ikkje så mykje leding på meg denne dagen, ei 5.6 og ei 5.7-taulengde. Men, ein flott dag der vi stort sett hang i veggen frå 9 til 5.
S&D:
Moby Grape, 5.8 8tl, første tre gått denne dagen.
Vertigo, 5.9 4tl.
Ingen tvil om at man skal tilbake til Cannon!
Kommentarer
Tittel mangler
Skrevet av AndreasNordstrand 11.08.2014 17:00Nice!
Sv:
Skrevet av kobbenes 11.08.2014 17:05Meget nais indeed, dette var kos!