Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Isklatring sesongstart på Kongsvollfossen

Dato:
06.11.2016
Turtype:
Isklatring
Turlengde:
5:00t

Sesongstart på is opp Kongsvollfossen. Pål Christian var med, og hadde sin andre dag på is, med splitter nye himalayastøvlar og nomics. Det var -13 på parkeringa, men ingen fare for at man skulle fryse på beina, for å seie det slik. 3 andre taulag var i gang, men det gikk fint oppover. Dei to første var omtrent toppa ut, og vi klatra parallelt med nokre svenskar som hadde gjort moldensarar av seg. Trivelig stemning, sol, flott utsikt, og effektivt arbeid opp isen. Og ikkje minst slapp vi å finne vegen ned sjølv. På Oppdal vart det rømegraut og biffsnadder.

Kart    

Ila-Gtfjlt-Stdsh-Grkln-Lrkndl

Dato:
02.11.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
21,8km

Treningstur i Bymarka. Myrene var NESTEN frosne. Steinane, derimot, var glatte. Koselig likevel. Kreativ linjeføring i mørket. Litt kveldslys frå Geitfjellet

Treningsrunde i Bymarka

Dato:
30.10.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
17,8km
Kart    

Orkdal: Rabbolen

Dato:
21.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
4,0km

Listetopp med flott vestvegg og pirrande primærfaktor i Orkdal. Eg og Eskil tok turen. Ganske kaldt på parkeringa, så junior vart pakka godt inn. Den store vestveggen måtte studerast nøye med kikert før avgang. Klatrebar skal tru? Veldig godt merka sti, men bemerkelsesverdig bratt stiføring opp mot topp-platået. Vel oppe var det nydelig turterreng og flott utsikt. 45 minutt opp med ca 15 kg på ryggen. Diverre ein kald trekk på toppen, så vi snudde rimelig raskt for å holde varmen i store og små. Eg tar gjerne turen i bedre vær, for her var det fin utsikt! Ein liten rast ved Rabboltjønnin med litt mat og drikke før det gikk kjapt nedatt. Humøret i meisen gjekk like raskt nedover som stien, men ingen ting hjelp som å kome seg ut av meisen og leike litt. Slutt med den kikerten då, >>>

Gulsiberget

Dato:
19.10.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
12,3km

Skulle på joggetur til Vassfjellet men tok feil buss. Det går visst fleire vegar til Klæbu - kven skulle trudd? Men i staden for å springe langs vegen til Vassfjellet kunne eg jo sjå kva som fanst langs busstraseen. Sjå her ja: Gulsiberget! Hoppa av ved Solem og fulgte skogsvegane oppover mot Syrsjøen. Pussig navn. Stilt i haustskogen på ettermiddagen. Tok til høgre mot Syrsjøen, men skulle fortsatt rett fram. herifrå vart det litt bukkemark opp på høgda der eg vassa i nesten frosne myrer til toppen av Gulsiberget. Fin utsikt mot vest herifrå, og solnedgang over trollheimen. Spor av sti her og der på toppen, men ikkje rare greiene. Eg mistenker at trønderen sitt manglande toppinstinkt har slått til igjen - siste person som var på toppen var vel den som satte opp skiltet merka >>>

Kart    

Geitfjellet med Eskil

Dato:
18.10.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t

Kart    

Haustferie i Font

Dato:
08.10.2016
Turtype:
Buldring

Årets haustferie gikk til det kanskje mest kjente buldrefeltet i verda, Fontainebleau (eller Font på folkemunne). Dette er mitt fjerde besøk til denne skogen sør for Paris som pregast av nydelige sandsteinar, gåselever og raudvin. Sidan sist har det skjedd ei drastisk befolkningsauke i vennegjengen, og vi var tre småbarnsfamiliar som trakk sørover: Anne, erlando (Erlend Hassel) med Ane, Solveig, AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) med Jens og Ragna, samt meg, Ms_Holm (Mari Holm) og Eskil. Det flotte med Font er jo at det passar for ALLE alderar. Buldring i Noreg er stort sett bedrive av menn i 20-åra som vil gå harde ting. I Font er det ein folkesport, og ein finn alt frå veldig fine bulder for nybyrjerar til nokon av verdens hardaste problem. I tillegg ligg mange av områda på flat sand, så det er rimelig trygt for småfolk og ferdast. Solveig og Andreas hadde >>>

Kart    

Trondheim pf>100: Våttåsen

Dato:
05.10.2016
Distanse:
3,3km

Tur til ein av dei mindre alpine toppane på trondheimslista. Turen starta friskt mellom pukkverka i skjøla. Tung trafikk og eit lag av støv over heile terrenget. Bra at Eskil får litt industrielle impulsar. Slik vert det om ikkje anna god musikksmak av. Black Sabbath voks jo opp i slike omgivnadar, tenker eg. Vidare opp forbi Storsteinen, Snauskolten (??) og Svarttjønna før toppmyra på Våttåsen. Jauda.

Storheia

Dato:
03.10.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Tørrøksing på Trolla

Dato:
02.10.2016
Turtype:
Miksklatring

Problemet med is-og-mixklatring er den korte sesongen. Der ein med vanlig klatring har mange månedar til rådigheit, og i tillegg kan ein turne rundt innendørs på plastsubstituttar. Mengde har altså vore avgrensande faktor her på skjæret for høgkvalitets økseføring. Inntill no - no er manglande vilje avgrensande faktor. AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) hadde snakka med bolteborrar av den svært lite brukte trolla-veggen og fått klart signal om at vi kunne skrape litt forsiktig på rutene der. Einaste var at boltane var av usikkert vedlikeholdt kvalitet. Det var uansett berre topptauing som var aktuelt for oss i dag. Sidan junior har rydda vekk føraren min så får eg nøye meg med å seie at vi klora oss opp langs ei boltelinje på ustabile hooks, traverserte over i eit jordete og fint dieder, og deretter skaut til >>>

Kart