Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Dei 4 store i Bymarka, med start i sentrum.
- Dato:
- 25.06.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 3:58t
- Distanse:
- 28,9km
Sidan eg i eit anfall av overmot har meldt meg på fjellmaraton på Oppdal til hausten må eg få nokon lenger turar i beina. Eg hadde sett ut ei løype med start i sentrum, over dei fire fjella i bymarka med pf>100: Geitfjellet, Stadsheia, Storheia og Gråkallen. God steam opp til Geitfjellet (40min), fann ein grei veg herifrå til Tømmerdalstorget, og vidare til Stadsheia (1:20). Her fekk eg oppklart kvar eg gjekk feil sist eg var her i skoddehavet. Så kom den lange distansen til Storheia, med mykje ned og opp att. På veg opp til Storheia byrja eg å kjenne det i beina. På toppen etter 2:20. Fint driv mot Gråkallen, og bratt og tungt opp her. Her byrja eg å få sporadisk krampe i leggane. På toppen (eller på utsiktspunktet, strengt tatt, sidan sjølve toppunktet er militært område) >>>
Skoddedykk i Bymarka.
- Dato:
- 18.06.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 1:56t
- Distanse:
- 13,5km
Romsdalsraid dag 5: Ringshornet - ny slushfest!
- Dato:
- 07.06.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
Siste dag på den etter kvart så svært ovale Romsdalsweekenden hadde eg gått tom for gangbare skiturar i FriFlyt-boka. Eg kika litt på Peaker'n og fann ut at Ringshornet kunne vere ein grei tur. Litt skibæring i byrjinga, så opp fonner til det flata ut, så fin stigning opp mot sadelen mellom hovedtoppen og norvest-toppen. Veldig fin stigning og fine forhold, men meir skyer i dag. Vengetind hadde fått hue, så då var det væromslag på veg. Likevel framleis fin temperatur. Eg såg ein skikkelse lenger inne, og denne karen møtte eg rett før nordvest-toppen. Han hadde vore på Alnestinden Vesttoppen og Sørvest-for. Her lukta eg ei lunte, og ganske riktig var dette ein peakbookar: Jan Arne ( janyga (Jan Arne Nygaard) ). Vi samla Nordvesttoppen før vi sklei mot den flotte hovedtoppen. Raskt og greit opp her, men >>>
Romsdalsraid dag 4: Nydelig nedkøyring på Finnan
- Dato:
- 06.06.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
Dag 4 på Romsdalsraidet stod neste kremtopp for tur, nok ein stortopp: Finnan. Eg var litt spent då ruta går over bre, med eit bratt og noko eksponert stykke opp mot ryggen (FriFlyt Toppturar i Romsdalen). Dette var ein mandag, og mindre folk i fjellet, men eg såg to stykker starte på turen, så då tenkte eg at eg er i det minste ikkje aleine der oppe. Så får ein berre bruke augene og snu om det skulle bli for hårete. Kanskje høyrest dette defansivt ut, men eg har stor respekt for å gå gradene på slike turar - og eg har ikkje vore på så mange skitoppturar. Går ein aleine bør ein vere ekstra forsiktig. I motsetning til gårsdagens tur på Breitinden kunne eg i dag ta på skia ved vegen. Sidan eg var så tidlig ute at eg fikk isete snø i går venta eg litt lenger i dag, og var >>>
Romsdalsraid dag 3: Breitinden
- Dato:
- 05.06.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
Tredje dagen på romsdalsweekenden ville eg gå ein litt lenger tur, så eg tok sikte på Breitinden. Denne har ein flott profil sett frå Romsdalen, og ein pirrande primærfaktor. Sikkert ein nydelig utsiktstopp med fint overblikk over Mongejura og Trolltindmassivet. Eg byrja frå Trollstigen-senteret i 9-tida, omtrent samtidig med ein annan gjeng som skulle opp same veg. Dei "boota" i forvegen - fint å ha nokon som kan vise vegen, og fint å ikkje vere heilt aleine i fjellet. Eg hadde tatt med liten sekk på ferie, og måtte difor ta skia og skoa på skuldrane. Det vart noko strabasiøst opp bakkane til ca 900 meter, der snøen låg. Esj, det blir ny sekk på meg i morgon! Her kom eg i snakk med gruppa foran meg. Han eine var ein amerikanar frå Vermont som hadde jobba som skiinstruktør >>>
Romsdalsraid dag 2: Alnestinden
- Dato:
- 04.06.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:57t
- Distanse:
- 6,2km
Etter gårsdagens heildagsprosjekt på Mongejura skulle eg no ha eit par dagar for å teste ut den berømte vårslushen på Trollstigen. Sidan det allereide var langt på dag (etter kaffi, tindeburger, tindemuseum, handling av kjølebag og andre camping-assesoaries), og grunna at før nevnte heildagsprosjekt framleis sat litt i kroppen, ville eg ha ein kort tur. Men eg ville også høgt til fjells. Og det er jo nett det Trollstien er til for! Valet fall på Alnestinden. Då eg spente på meg skia klokka 16 skrensa det eine gliset etter det andre ned mot vegen. Dette måtte bli bra. Endelig er skisesongen i gong! Eg har ikkje stått så mykje på ski denne sesongen, og i kombi med før nevnte heildagsprosjekt kjendest det tungt oppover bakkane. I bratta i nordaustflanken stod to jenter og spann >>>
Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura
- Dato:
- 03.06.2016
- Turtype:
- Alpin klatring
- Turlengde:
- 20:00t
Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest). Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre >>>