Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Isane Grand Prix: Dombesteinseggene, Kvasshornet og Kårnyken
- Dato:
- 25.09.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 3:57t
- Distanse:
- 17,0km
Kvasshornet og Kårnyken er fjell eg har sett på sidan eg var liten. Kanskje rart at eg ikkje har kome meg på dei før, men det har altså ikkje vore så vanlig i vår familie å gå på fjell både her og der. Noko eg forsøker å rette litt opp i no om dagen då altså. Sidan vi residerer på Stårheim no i desse fine haustvekene møtte eg berre opp på ferga med joggesko og lett sekk. Ein del vind i dag, og mild austavind gjorde at ferga måtte ta rennfart for å legge til. Eg gjekk deretter rett opp vegane på Isane og fulgte stien som er merka på kartet opp mot Langemyra og Steinkassen. Denne stien er nok ikkje brukt lenger ettersom det er bygd skogsveg opp her. Likevel OK å gå, med fin skog, hjortegroper og utsikt. Etter eg passerte sætra vart stien tydeligare opp forbi Steinkassen. >>>
Eid pf>100: Trollenyken
- Dato:
- 21.09.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,8km
Team pappaperm herjar vidare gjennom Eidalista. I dag stod ein skikkelig motbakke på plakaten: Trollenyken byr på 3,5 km luftlinje og 850 høgdemeter. Sonen sovna etter eit kvarter, og då var det berre og trakke på for å kome så langt ein kunne før han vakna. Kjekt med denne appen der ein kan følge høgdemeterane. Det gikk radig oppover på god sti, vi passerte Skipenessætra etter omlag timen, og deretter gikk det relativt fort til topps. Eskil vakna rett før toppunktet, så det var godt tima. Halvannan time på 850 hm med 15 kg på ryggen synest eg i grunnen var ganske bra! Verdas rausaste pappaperm er tydeligvis godt nytt for forma! Veldig flott utsikt frå toppen, både innover mot Trollevasstinden og Sunndalsnibba, mot Sandane, over til Skjærdalen og Hyen, og utover mot Ålfoten >>>
Heimste blåfjellet med Eskil
- Dato:
- 13.09.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
Tur på heimste blåfjellet for å lufte sonen og teste meisen på litt lenger tur. Gikk frå Veienden/Sigrona til Fanstøylen. Veldig søvnig stemning i baksetet så dette gikk som smurt, og eg fortsatte opp austryggen til Heimste Blåfjellet. 20 grader i dalen i dag, så bra svett opp her med 10kg+ på ryggen. God stemning på toppen, og sonen fikk strekke litt på beina. Denne flotte toppen er lite besøkt frå Stårheimssida, men meir frå Kjølsdalen. Merkelig sidan det er ein veldig fin og lett tilgjengelig topp med nydelig utsikt. Nedatt gikk vi meir direkte ned sørflanken og ned i dalen.
Halvrund runde i Rondane - eller Rondane halv-2K maraton
- Dato:
- 04.09.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 12:45t
- Distanse:
- 38,0km
Rondane stream-of-conciousness turrapport (her er det lov å tenke på for eksempel James Joyce) Konfirmasjon konfirmasjon konfirmasjon Det er kjekt med konfirmasjon, men eg hadde jo meldt meg på fjellmaraton den helga! Trent heile våren og sommaren Og no sit eg her med krut i beina til ingen nytte Eg må springe allikavel Bymarka? Runde i Bymarka? Det blir innmari mange snirklar og spesialvegar om det skal bli maraton altså Trollheimen? RONDANE! 2K 2K 2K! Pansermeldingar! Skal eg ta heile runden? 4600 høgdemeter? Nei, eg kan ikkje risikere å havarere oppi der. Eg gjekk meg jo nesten fast i Bymarka av berre krampe. Det blir så langt å køyre også, heilt til Spranget. Bjørnhollia? Rondane såg jo så innmari fine ut frå Folldalen. Ja! Dagens første middag: Steikt ball på Oppdal. Dei kan det på >>>
Sør-Trøndelag pf>500: Søndre knutshøa
- Dato:
- 03.09.2016
- Turtype:
- Spasertur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 10,0km
Oppvarmingstur til Søndre Knutshøa på veg til morgendagens større prosjekt i Rondane. Underfundig stimerking på kryss og tvers opp myrene. Fin utsikt til Snøhetta og resten av Dovreveggen.