Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (166)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Romsdalsraid dag 2: Alnestinden
- Dato:
- 04.06.2016
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:57t
- Distanse:
- 6,2km
Etter gårsdagens heildagsprosjekt på Mongejura skulle eg no ha eit par dagar for å teste ut den berømte vårslushen på Trollstigen. Sidan det allereide var langt på dag (etter kaffi, tindeburger, tindemuseum, handling av kjølebag og andre camping-assesoaries), og grunna at før nevnte heildagsprosjekt framleis sat litt i kroppen, ville eg ha ein kort tur. Men eg ville også høgt til fjells. Og det er jo nett det Trollstien er til for!
Valet fall på Alnestinden. Då eg spente på meg skia klokka 16 skrensa det eine gliset etter det andre ned mot vegen. Dette måtte bli bra. Endelig er skisesongen i gong!
Eg har ikkje stått så mykje på ski denne sesongen, og i kombi med før nevnte heildagsprosjekt kjendest det tungt oppover bakkane. I bratta i nordaustflanken stod to jenter og spann >>>
Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura
- Dato:
- 03.06.2016
- Turtype:
- Alpin klatring
- Turlengde:
- 19:00t
Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest).
Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre >>>
Famileforsøk på Kjerringklumpen (aka. Myrholet)
- Dato:
- 22.05.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:25t
- Distanse:
- 8,2km
Våren er komen, og den ferske familiefar og toppentusiast har studert kartet i det vide og breide for å finne ein passande tur for og lufte familien. Valet fall på Kjerringklumpen på Fosen, ein topp eg tenkte hadde passelig gåavstand, flott usikt og ikkje minst ein respektabel primærfaktor.
Planen var like enkel som den var feilbarlig: stå opp søndag morgen, ete frokost, snøre på seg joggeskoa, hoppe på Fosenferga og ete sveler. Parkere på Revelltun og plassere junior i nøye utvald korrekt ergonomisk utforma bæreseletøy, bagge klumpen i nydelig vårvær (kanskje tilogmed ta med Brattliklumpen på veg ned!), for så og chille med softis på ferga medan eg doserte til kona om kor enkelt det er å ta med ungar på tur om ein berre vil.
Det gikk ikkje akkurat slik. Eller, mange av >>>
Storheia kveldstur på nasjonaldagen
- Dato:
- 17.05.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 12,0km
Hastverk på Selnes
- Dato:
- 01.05.2016
- Turtype:
- Klatring
Nydelig klatring i vårsola på Selnes. Varm granitt og god stemning. Klatra klassikaren Hastverk (6) (utan den sleipe og minimalistisk bolta første sva-lengda). God stemning og god oppdrift!


