Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Ila-Gtfjlt-Stdsh-Grkln-Lrkndl
- Dato:
- 02.11.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 3:43t
- Distanse:
- 21,8km
Treningstur i Bymarka. Myrene var NESTEN frosne. Steinane, derimot, var glatte. Koselig likevel. Kreativ linjeføring i mørket. Litt kveldslys frå Geitfjellet
Orkdal: Rabbolen
- Dato:
- 21.10.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 4,0km
Listetopp med flott vestvegg og pirrande primærfaktor i Orkdal. Eg og Eskil tok turen. Ganske kaldt på parkeringa, så junior vart pakka godt inn. Den store vestveggen måtte studerast nøye med kikert før avgang. Klatrebar skal tru? Veldig godt merka sti, men bemerkelsesverdig bratt stiføring opp mot topp-platået. Vel oppe var det nydelig turterreng og flott utsikt. 45 minutt opp med ca 15 kg på ryggen. Diverre ein kald trekk på toppen, så vi snudde rimelig raskt for å holde varmen i store og små. Eg tar gjerne turen i bedre vær, for her var det fin utsikt! Ein liten rast ved Rabboltjønnin med litt mat og drikke før det gikk kjapt nedatt. Humøret i meisen gjekk like raskt nedover som stien, men ingen ting hjelp som å kome seg ut av meisen og leike litt. Slutt med den kikerten då, >>>
Gulsiberget
- Dato:
- 19.10.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 12,3km
Skulle på joggetur til Vassfjellet men tok feil buss. Det går visst fleire vegar til Klæbu - kven skulle trudd? Men i staden for å springe langs vegen til Vassfjellet kunne eg jo sjå kva som fanst langs busstraseen. Sjå her ja: Gulsiberget! Hoppa av ved Solem og fulgte skogsvegane oppover mot Syrsjøen. Pussig navn. Stilt i haustskogen på ettermiddagen. Tok til høgre mot Syrsjøen, men skulle fortsatt rett fram. herifrå vart det litt bukkemark opp på høgda der eg vassa i nesten frosne myrer til toppen av Gulsiberget. Fin utsikt mot vest herifrå, og solnedgang over trollheimen. Spor av sti her og der på toppen, men ikkje rare greiene. Eg mistenker at trønderen sitt manglande toppinstinkt har slått til igjen - siste person som var på toppen var vel den som satte opp skiltet merka >>>
Isane Grand Prix: Dombesteinseggene, Kvasshornet og Kårnyken
- Dato:
- 25.09.2016
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 3:57t
- Distanse:
- 17,0km
Kvasshornet og Kårnyken er fjell eg har sett på sidan eg var liten. Kanskje rart at eg ikkje har kome meg på dei før, men det har altså ikkje vore så vanlig i vår familie å gå på fjell både her og der. Noko eg forsøker å rette litt opp i no om dagen då altså. Sidan vi residerer på Stårheim no i desse fine haustvekene møtte eg berre opp på ferga med joggesko og lett sekk. Ein del vind i dag, og mild austavind gjorde at ferga måtte ta rennfart for å legge til. Eg gjekk deretter rett opp vegane på Isane og fulgte stien som er merka på kartet opp mot Langemyra og Steinkassen. Denne stien er nok ikkje brukt lenger ettersom det er bygd skogsveg opp her. Likevel OK å gå, med fin skog, hjortegroper og utsikt. Etter eg passerte sætra vart stien tydeligare opp forbi Steinkassen. >>>
Eid pf>100: Trollenyken
- Dato:
- 21.09.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,8km
Team pappaperm herjar vidare gjennom Eidalista. I dag stod ein skikkelig motbakke på plakaten: Trollenyken byr på 3,5 km luftlinje og 850 høgdemeter. Sonen sovna etter eit kvarter, og då var det berre og trakke på for å kome så langt ein kunne før han vakna. Kjekt med denne appen der ein kan følge høgdemeterane. Det gikk radig oppover på god sti, vi passerte Skipenessætra etter omlag timen, og deretter gikk det relativt fort til topps. Eskil vakna rett før toppunktet, så det var godt tima. Halvannan time på 850 hm med 15 kg på ryggen synest eg i grunnen var ganske bra! Verdas rausaste pappaperm er tydeligvis godt nytt for forma! Veldig flott utsikt frå toppen, både innover mot Trollevasstinden og Sunndalsnibba, mot Sandane, over til Skjærdalen og Hyen, og utover mot Ålfoten >>>
Heimste blåfjellet med Eskil
- Dato:
- 13.09.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
Tur på heimste blåfjellet for å lufte sonen og teste meisen på litt lenger tur. Gikk frå Veienden/Sigrona til Fanstøylen. Veldig søvnig stemning i baksetet så dette gikk som smurt, og eg fortsatte opp austryggen til Heimste Blåfjellet. 20 grader i dalen i dag, så bra svett opp her med 10kg+ på ryggen. God stemning på toppen, og sonen fikk strekke litt på beina. Denne flotte toppen er lite besøkt frå Stårheimssida, men meir frå Kjølsdalen. Merkelig sidan det er ein veldig fin og lett tilgjengelig topp med nydelig utsikt. Nedatt gikk vi meir direkte ned sørflanken og ned i dalen.