Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kristian og Erlend gjer seg erfaringar i fjellet:Tårnfjellet

Dato:
29.11.2014
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
12:00t
Distanse:
20,0km

Alpinskulen dreg på vinterkurs til Kiæmpers Fædreland - Noræg. Plassert i flatlandet i Boston har eg nytta tida til å ruse meg på alpinbøker og tenke på fjellet. Forventningane og koffertane var difor tunge når vi skulle på noregsferie desse to siste vekene i November. No gikk noregsoppholdet mot slutten. Været hadde vore fint og eg hadde fått lufta meg mykje, men det mangla liksom prikken over den alpine i'en. Min norske turmakker erlando (Erlend Hassel) hadde vorte storklatrar sidan sist, med bestigningar av vestlandske klassikarar som Romsdalshorn, Juratind og Søraust-Hjørnet på Skarfjell. Vi heiv oss entusiastisk inn i planlegginga, og forslag på forslag vart vege og funne for lett. Vi landa på traversen Tårnfjell-Tåga. Klatringa her skulle vere grei samstundes som det er seriøst nok til å >>>

Uttesting av høgdeeigenskaper på Arapaho Peaks

Dato:
10.07.2014
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
9:00t

I New England er det som kjent ikkje fjell. Men i Colorado er det visst nok fjell, så årets sommarferie er to veker i klatre og fjell-mækkaet Boulder. Første dag i Boulder ville vi teste trad-eigenskapane. Kona var keen på meir leding, så etter konsultering med ein lokal trad-nisse byrja vi opp ei enkel tolengders rute på Castle Rock. Kona leda djervt opp ei kort førstelengde, før eg kjekt hadde sett meg ut eit frekt utspring lenger oppe. Men utspringet var altfor frekt, og eg havna fullstendig av ruta, runout med ein fotballstor laus stein i fanget. Eg fekk satt ei sikring, pendla meg over til trygg grunn, og tatt opp kona. Men vi hadde ikkje kome halvvegs opp denne enkle nybyrjar-ruta, og her på standplassen (som forøvrig var meget pen, dagens høgdepunkt) byrja det å samle seg tordenbyger. >>>