Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Gjensyn med Rønnomnibben
- Dato:
- 09.08.2016
- Turtype:
- Fottur
Tur til Rønnomnibben med Kona. Eskil hadde barnevakt, så denne gongen slappa vi av og såg havet utanfor Jomfruland med medbragt kikert. Vel tilbake på gården buldra eg litt på steinane under Stornuten. Flott storsteina ur med mange potensielle kremlinjer. Eg tok den mest opplagte, som klokka inn på 5+/6a-ish. Sidan eg tok meg ein prat med ein av to gardsgutar på Vågsland, August, så får denne navnet Augusts Egg.
Orkdal: Vargheia med Eskil
- Dato:
- 12.07.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:48t
- Distanse:
- 5,5km
Eskil hadde lenge masa om at vi måtte kome oss på nokon av dei fine kysttoppane i trøndelagsregionen. Presset vart ikkje mindre etter myrfadesen på Kjerringklumpen tidligare i vår. Sidan pappapermen nærmar seg med små og store skritt nytta eg mi akademiske friheit (og svært lite å gjere på jobb i dag) til å iverksette ei lita pappaperm-generalprøve: Mamma stakk på kafé, og vi to andre pakka sekken med retning for den tøffe heia (?) Vargheia. Første hindring var at eg gløymde bæreselen, og eg fekk ikkje snu før Tiller. Men SÅ var vi på veg. No var det berre for Eskil å ta formiddagskvilda si i bilen. Dette var ikkje heilt rett fram, og etter to stopp før Orkdal var vi i mål. Så på plass på Kvernamoen parkeringsplass 1 time og 45 små minutt etter at vi gjekk ut døra. >>>
Trollhøtta-traversen + Pekhøtta
- Dato:
- 05.07.2016
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 18,5km
Det opna seg eit turvindauge, og sjølv om været var suboptimalt måtte ein smi raskt! Eg har lenge hatt lyst til å utforske den nordlige delen av Trollheimen. Då eg kom over særs fristande turrapportar frå Trollhøtta-traversen var valet enkelt. Det vart subalpin start frå Trondheim, og regnbygene dura over Orkdalen. I følge Yr skulle dette bedre seg etter 12, og eg stod på parkeringa i Søydalen under skiftande skydekke. Ettersom eg hadde fått med meg at både hundar og anna hadde vorte lurt over denne traversen tidligare tok eg sjangsen på fjelløpesko og tights. Light and fast. Fin sti oppover sætra, og fulgte så skilting og sti opp lia mot Trollhøtta og Snøhornet. Sistnevnte sløyfa eg då eg hadde andre toppar i bakhovudet. For eksempel dei på andre sida av dalen. Det hadde >>>
Melhus: Vassfjellet - Rikelig med skilting.
- Dato:
- 29.11.2015
- Turtype:
- Fottur
Vassfjellet - Trondheims Table Mountain, ruvar lengst nord i Melhus, med sitt snaue topp-platå og sine (medium) bratte flankar og imponerande primærfaktor. Det var på tide å sjekke turkvaliteten. Starta frå parkeringa ved vasstanken, og gikk i rask og sjølvsikker gange forbi Barnas Turistforeningsdag; retning oppover. Eg tenkte at det var jo synd Vassfjellet ikkje hadde eit litt tøffare navn - Ørnenuten, Gaupetind eller Dødzhorn for eksempel? Det hadde heilt klart hjelpt på attraktiviteten. Eg kika etter skilting mot toppen. Til tross for særs utbreidd skilting var det vanskelig å finne informasjon om kva av dei mange stiane i skogen som skulle lede til topps. Eg gikk etter hugsen, og fulgte ein sti sørover og oppover, men det såg ikkje ut som denne hadde stor trafikk. Det var også >>>
Puerto de Marbella
- Dato:
- 02.10.2015
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 11,0km
Konferanse i Marbella, og denne dagen hadde vi ettermiddagen fri. Eg hadde sett ein fin sti som gjekk oppover fjella frå Camino de Puerto Rico, og tenkte eg kunne følge denne eit stykke som ettermiddagstur. Etter kvart såg eg at den gjekk mot ein topp som såg litt nærare og lavare ut enn dei som låg lenger vest. Kanskje eg kunne plukke med eit peakbook-element? Gradestokken viste 32 grader oppover bakkane og eg hadde ikkje med vatn, men klokka var halv 6 og det var jo ikkje så langt, tenkte eg. Men det viste seg å vere eit godt stykke. Stien snirkla seg oppover fjellsida i nydelig terreng. Prøvde å vere effektiv så det ikkje skulle gå så lang tid. Langt om lenge kom eg opp til skaret mellom Cruz De Jumar og toppen eg hadde sett meg ut. Her var det til alt overmål ein bilveg. Eg tenkte >>>