Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Bratten i Gjølet: Isklatring i skiferbruddet Engan
- Dato:
- 01.12.2013
- Turtype:
- Isklatring
Trønderalpinizm 4 real! Førstereisgut i isklatringa si verd. Stygge meldingar hindra ikkje aspirerande alpinistar kobbenes (Kristian Starheim) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) å hoppe i bilen i retning oppdal! Skiferbrotet såg ut som ein tolelig plass for passelig vanskeligheitsgrad, men så var det denne stormen då. Frå skiferbrotet gikk det derimot eit trangt jøl opp mot ei gryte, beskytta mot vinden, der isen lokka svikefullt! Dette skulle gå greit, opp med seg. Men det var jo både bratt og dårlig is. Nordstrand leda stødig oppover vertikalane over meg medan isen deisa i hjelmen. Så var det meg. Bratt, sjø. "Det er ikkje eit alternativ å freake ut no" høyrde eg meg sjølv seie før eg klara å drage meg gjennom kruxet. Men så artig, då! Opp kom ein, og god stemning! På rapellen ned leita eg etter den enkle vegen der vi >>>
Brytekamp med Storen
- Dato:
- 07.09.2013
- Turtype:
- Alpin klatring
- Turlengde:
- 19:00t
Andreas og Solveig inviterte til tur på Storen. Storen? Eg som hadde høgdeskrekk og null klatreerfaring? JA! Det var glimrande meldingar då vi la i veg frå Turtagrø 05:00. Då vi kom til Bandet klokka 8 var det delvis overskya, og vi følte dette gikk glimrande. Opp mot svaa hadde vi fått eit einaste råd: hold mot venstre. Og det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Samstundes kom skodda, og alt vart glatt. Vi kom for langt ut til høgre, og måtte sikre oss opp nokre dieder og sva. Tida gikk, og vi var ikkje på hjørnet før om lag klokka 13. Her skulle det klatrast! Alt var glatt, men i det minste visste vi no kvar vi skulle. Bortover galleria gikk det fint. Her var det å fokusere fullt på arbeidsoppgåvene, og då har ein ikkje anledning til å tenke på høgda. Dette kallar eg kognitiv sjølvmedisinering! >>>