Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Tørrøksing på Trolla
- Dato:
- 02.10.2016
- Turtype:
- Miksklatring
Problemet med is-og-mixklatring er den korte sesongen. Der ein med vanlig klatring har mange månedar til rådigheit, og i tillegg kan ein turne rundt innendørs på plastsubstituttar. Mengde har altså vore avgrensande faktor her på skjæret for høgkvalitets økseføring. Inntill no - no er manglande vilje avgrensande faktor. AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) hadde snakka med bolteborrar av den svært lite brukte trolla-veggen og fått klart signal om at vi kunne skrape litt forsiktig på rutene der. Einaste var at boltane var av usikkert vedlikeholdt kvalitet. Det var uansett berre topptauing som var aktuelt for oss i dag. Sidan junior har rydda vekk føraren min så får eg nøye meg med å seie at vi klora oss opp langs ei boltelinje på ustabile hooks, traverserte over i eit jordete og fint dieder, og deretter skaut til >>>
Eskilruta på Blyberget
- Dato:
- 11.01.2016
- Turtype:
- Miksklatring
Eg og Andreas hadde sjekka ut moglegheitene for litt bynær miksklatring på Blyberget i førre veke. Som fersk småbarnsfar har eg litt avgrensa aksjonsradius, så interessa for lett tilgjengelig cragging hadde auka. Veggen ovanfor gangvegen på Blyberget ved Theisendammen er mellom 5 og 15 meter høg, med oppsprekt stein og noko is her og der. Kunne dette vere noko? I førre veke prøvde vi oss på ei miksrute ved den største istappen i veggen. Gode hooks men bratt og noko kreativt sikra i byrjinga. Etter litt topptauing beslutta vi å kome tilbake ein seinare dag for eventuell leding. I dag gikk den. Etter eit par runder på Theisendammen som oppvarming sende vi begge ruta på naturlige sikringar. For det meste drytooling på venstre sida av isen, med litt hjelp av isen lengst oppe. Ingen >>>