Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (80)
-
Kjøretur (2)
- Biltur (2)
-
Klatring (77)
- Alpin klatring (9)
- Buldring (9)
- Isklatring (20)
- Miksklatring (3)
- Sportsklatring (3)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (2)
- Randonnée/Telemark (11)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Haustferie i Font
- Dato:
- 08.10.2016
- Turtype:
- Buldring
Årets haustferie gikk til det kanskje mest kjente buldrefeltet i verda, Fontainebleau (eller Font på folkemunne). Dette er mitt fjerde besøk til denne skogen sør for Paris som pregast av nydelige sandsteinar, gåselever og raudvin. Sidan sist har det skjedd ei drastisk befolkningsauke i vennegjengen, og vi var tre småbarnsfamiliar som trakk sørover: Anne, erlando (Erlend Hassel) med Ane, Solveig, AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) med Jens og Ragna, samt meg, Ms_Holm (Mari Holm) og Eskil. Det flotte med Font er jo at det passar for ALLE alderar. Buldring i Noreg er stort sett bedrive av menn i 20-åra som vil gå harde ting. I Font er det ein folkesport, og ein finn alt frå veldig fine bulder for nybyrjerar til nokon av verdens hardaste problem. I tillegg ligg mange av områda på flat sand, så det er rimelig trygt for småfolk og ferdast. Solveig og Andreas hadde >>>
Buldrehelg på Harbak
- Dato:
- 09.04.2016
- Turtype:
- Buldring
Våren er i emning, og med den kjem trekkfuglane til Trøndelagskysten for å nyte fineværet. Så også Arve, og vi slo til med eit forsøk på utendørs familie-buldre-helg på Harbak. Bilen vart pakka full av pads, barnestæsj og klatreutstyr. Den ferske småbarnsfaren leid moglegeins av ein smule overkompenseringssyndrom i forventningane om kva desse to dagane skulle bringe. Etter å ha bunkra øl og sportstape i Åfjord sjekka vi inn på Edmundgården. Ypperlig overnatting med rimelig pris og hyggelig vertskap 10 min gange frå buldringa. Så bar vi paddar, gut og heile spetakkelet opp i hula, der magien skulle iverksetjast. Harbak er hardt, og Harbak-sjokket slår deg alltid når ein ventar det som minst. Eg prøvde litt på Små muser (Harbak 6c=7a) som eg har gått før, men fikk ikkje >>>